Arkitekt Gisle Nataas)
Arkitekt Gisle Nataas)

- Ei fantastisk oppgåve

Denne veka vart det sett ny prisrekord i Os då eit arkitektteikna hus på Berge vart selt for 8,1 millionar kroner. Arkitekten bak huset, Gisle Nataas, fortel korleis han tenkte då han teikna huset.

- Kvar tomt og kvar stad har sine kvalitetar som ein må utnytta på best mogleg måte for å få eit best mogleg hus, seier Nataas.

Lysforhold, forholdet til skogen, utsikta, naboar og mykje meir må takast omsyn til.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er mange som ikkje nyttar arkitekt, og som tenkjer at det er tryggare med ferdighus. Men då endar ein gjerne opp med eit firkanta hus midt på tomta, seier Nataas.

Problemet med det er ifølgje arkitekten at ein endar opp med skygge på fleire sider av huset, og ein litt ubrukeleg hage.

I arbeidet med huset på Berge, bestemte Nataas seg fort for å teikna eit langstrakt hus tett opp mot den eine tomtegrensa. Dermed fekk dei som skulle bruka huset størst mogleg hage, og sol heile dagen. Fokuset hans var dessutan retta mot det viktigaste på tomta: Utsikta.

- Fasaden på huset peikar rett mot sjøen og Folgefonna. I tillegg har huset eit utstikk der hovudsoverommet ligg. Her ser ein rett mot Sandholmane, fortel Nataas.

Arkitekten fortel vidare at bakveggen på huset er ganske tett. Det er av di huset ligg tett på naboane i den enden av tomta.

Nataas synest det er stas at så mange var interesserte i huset han teikna i 2012. At huset sette prisrekord i Os, er berre morosamt, meiner han.

- Det var ei fantastisk oppgåve å få lov til å teikna huset, seier han og legg til:

- Ei tomt som hadde lege litt lenger oppe til dømes, ville hatt eit heilt anna utgangspunkt. Her er det kanskje skogen på motsett side av huset ein må ta omsyn til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nataas byrja vegen mot arkitektutdanninga på Os yrkesskule.

- Eg gjekk på teknisk teikning, fortel arkitekten som er utdanna sivilarkitekt frå Bergen Arkitektskole og Kunstakademiets Arkitektskole i København.

Nataas er oppvaksen på Vallaheiane, men har budd i Oslo dei siste 16 åra. Her driv han arkitektstudioet Nataas arkitektur.

- Då eg teikna huset på Berge, var eg på tomta og noterte og skisserte. Hovudtrekka i kva ein burde gjera kom til meg ganske fort, seier han.