Ordførar Marie Lunde Bruarøy synest det var stort å få gje klarsignal til den siste salva i Skogafjellstunellen.
Ordførar Marie Lunde Bruarøy synest det var stort å få gje klarsignal til den siste salva i Skogafjellstunellen.

- Ein stor dag for Os

Ordførar Marie Bruarøy fekk æra av å gje ordren om siste salva som skulle syta for gjennomslaget i vest-løpet av Skogafjellstunnelen - ein merkedag for E39 Svegatjørn-Rådal.

I formiddag var gjennomslaget eit faktum. Det var stort oppmøte i Endelausmarka. Rådmann Christian Fotland, varaordførar Laila Marie Reiertsen og ordførar Marie Lunde Bruarøy stilte frå kommunen.

- Ein stor dag for Os. Ein gledens dag. Det er kjekt å sjå at dei er komne så langt. Absolutt ein milepåle, seier Bruarøy og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er så heldig at eg skal få gje klarsignal for den siste salva som skal gå av i tunellen. No blir det faktisk gjennomslag så ein kan koma seg gjennom heile Skogafjellet.

Taxisjåføren i tunellen

Alt då presse og representantar frå kommunen reiste med taxi frå Veidekkes rigg i Kolskogen, gjorde ordføraren det klart at ho gleda seg til sprenginga.

- Det blir nok eit kick. Vi blir nok litt barnslege alle saman når det gjeld sprenging, seier Bruarøy.

Det var stemingsfullt i tunellen.
Det var stemingsfullt i tunellen.
Varaordførar Laila Marie Reiertsen, ordførar Marie Lunde Bruarøy og rådmann Christian Fotland stilte frå kommunen.
Varaordførar Laila Marie Reiertsen, ordførar Marie Lunde Bruarøy og rådmann Christian Fotland stilte frå kommunen.
Prosjektleiar Svegatjørn - Rådal, Sverre Ottesen.
Prosjektleiar Svegatjørn - Rådal, Sverre Ottesen.
Feiring i tunellen.
Feiring i tunellen.
På markeringa av den første milepålen i E39-prosjektet var sjølvsagt kaka på plass.
På markeringa av den første milepålen i E39-prosjektet var sjølvsagt kaka på plass.

- Kor stor er denne dagen?

- Kommunen ser fram til ny tilkomst til Bergen. Dette er første milepåle i prosjektet, men det er klart at den største dagen blir når vegen opnar, seier Bruarøy.

Roger Gravelsæter frå Os Taxi fekk seg ein tur litt utanom det vanlege.

- Eg fekk beskjed i går om at eg skulle ta denne turen i dag, så eg var førebudd og gleda meg. Det er kjekt og spanande å få vera med på noko utanom det vanlege, seier Gravelsæter, som blei ein av dei første "sivilistane" som nokosinne har vore inne i Skogafjellstunellen. Han køyrde nemleg ikkje berre fram til opninga, men også inn.

- Klart det er spesielt, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Massivt prosjekt

Prosjektleiar for Svegatjørn - Rådalen, Sverre Ottesen, heldt tale på den store dagen. Han fortalte at ein vanlegvis opplever eitt eller to gjennomslag i samband med tunellbygging. Grunna storleiken på E39-prosjektet, kjem det til å bli mange fleire her dei neste åra.

- Eg prøvde å tenkja gjennom kor mange det kjem til å bli. Sikkert nærare ti, kom eg fram til. Vi kjem ikkje til å ha like stor feiring kvar gong. Då må prosjektleiar og fleire andre ha XXL-kjeledress etter kvart. Vi markerer i dag, men når naboløpet blir gjennomsprengd om éin månads tid, så skal Veidekke få gjera det i ro og fred, seier han og legg til:

- Dette er den første milepålen for prosjektet. 23. februar i fjor skaut vi første salve. 22. februar i år er vi gjennom. I det store og heile er vi på skjema, dog med gjennomslag her tre-fire veker etter at vi håpte for eitt år sidan.

- Det blir garantert kake

Det er lenge til vegprosjektet skal ferdigstillast. Etter planen skal det ta sju år å byggja vegen. Arbeidet starta i 2015, og etter planen skal altså nye E39 stå ferdig i 2022.

- Det er så lenge til vi skal opna vegane at vi kjem til å ta inn att dei få vekene vi ligg bak skjema no. Det er tidspunktet for gjennomslag i Lyshorntunellen som avgjer kva tid vi klarer å opna vegane, seier Ottesen.

Arbeidet med Lyshorntunellen blir driven frå fire ulike angrepspunkt. Planen er at dei skal vera ferdige med begge løpa frå Endelausmarka til Rådalen i desember 2018.

- Då blir det garantert kake. Vi får berre la vera å eta i forvegen, seier Ottesen og smiler.

OM TUNELLEN:

Artikkelen held fram under annonsen.

Skogafjellstunnellen.

Tunellengde: Om lag 1.445 meter per løp.

Volum stein: Om lag 250 000 m3.

Talet boltar til permanent sikring: Ca 13.000 boltar fram til veke 7 2017.

Geologiske forhold. Middels til godt fjell med to soner som krav tung sikring. Desse var kjent på førehand. Det var vatn i fjellet som medførte forinjeksjon.