LIDL-lageret har stått tomt i fleire år. (Arkiv
LIDL-lageret har stått tomt i fleire år. (Arkiv

- På tide å ta i bruk LIDL-lageret

Glenn Erik Haugland (V) vil ha eit anlegg for plastgjenvinning i Lidl-lageret. - Dette er ei grøn vekstnæring som kan gje sårt tiltrengte arbeidsplassar i Os, seier Haugland.

- Lidl-lageret er eit symbol på feilslått næringspolitikk i Os. Tenk om me kunne skapa grøne arbeidsplassar der. Eg trur folk er leie av å pendla fram og tilbake til Bergen kvar dag, seier Haugland.

Han viser til eit utspel frå KS Bedrift, Norsk Industri og Bellona, som peikar på at avfall bør sjåast som ein ressurs.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I dag blir mykje av plasten vår transportert til sorteringsanlegg i Tyskland og Sverige. Det er ikkje spesielt miljøvenleg. Kvifor ikkje ha det i Lidl-lageret? Der er det meir enn god nok plass, samtidig som det ligg litt utanfor allfarveg, seier Haugland.

Eige fond og næringsvert

Næringspolitikk er eit felt Haugland og partiet hans, Venstre, brenn for.

- Utviklinga har gått i feil retning nokre år no. Bygda har mista arbeidsplassar istaden for å få nye. Tida er overmoden for meir politisk fokus og handlekraft på dette feltet. Blant anna vil Os Venstre jobba for å få på plass eit næringsfond til støtte for nyetablerte verksemder, og ein eigen næringsvert som kan hjelpa til i ein gründerfase, seier han.

Glenn Erik Haugland, nr 2 på Os Venstres valliste meiner næringspolitikken ikkje har vore god nok i bygda.
Glenn Erik Haugland, nr 2 på Os Venstres valliste meiner næringspolitikken ikkje har vore god nok i bygda.

- Men fleire arbeidsplassar er vel ikkje noko ein berre kan vedta politisk?

- Nei, sjølvsagt ikkje. Men dersom me går i lag og tenkjer litt nytt, trur eg me kan få til mykje. I Os har me fleire viktige næringar som eg trur kan skapa endå meir dersom ein går i lag i klynger av den typen ein ser på Austevoll, seier han.

Han nemner bygg og anlegg som ei viktig næring i Os. Alutec, Bøe og Lepsøy, ABO Plan & Arkitektur og Os Bygg og Eigedom er døme på lokale verksemder innan dette segmentet.

- Ein kan utveksla erfaringar, og ut frå det kan ein skapa ting ingen hadde tenkt på før. Nye oppfinningar kan veksa ut av slike næringsklynger, seier Haugland.

Kultur- og mediaklynge?

Ein annan idé handlar om feltet komponisten Haugland sjølv høyrer til, kultur og media. I Os har ein fleire aviser, reklame- og design-verksemder, samt eit mangfaldig kulturliv. Haugland trur dei kan hausta synergieffektar av kvarandre.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Å etablera eit eige miljø samlokalisert i eitt hus i Os sentrum, beståande av aktørar innan dette feltet, trur eg vil vera smart. Her har me mykje kompetanse i bygda vår. Osøyro treng ikkje berre hus og folk, men også nye arbeidsplassar, seier Haugland.