- Vi har vunne slaget, men krigen held fram

Slik responderer Knut Ivar Børgesen på fylkesutvalets høyringsuttale til statleg kommunedelplan Stord-Os. Fylket går inn for å vurdera indre trasé att, og kritiserer prosjektet.

Knut Ivar Børgesen er leiar for Folkeaksjon mot bru over Bjørnafjorden. Os & Fusaposten har spurt han, og dei tre politikarane Atle Kvåle (Ap), Marie Bruarøy (H) og Nils-Anders Nøttseter (MDG), om:

1. Høyringsuttalen markerer starten på slutten for den mykje omtala brua.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Om høyringsuttalen kjem til å vega tungt sentralt, eller om samferdselsdepartementet vil halda på midtre trasé.

Knut Ivar Børgesen:

1. - Eg meiner definitivt at dette markerer starten på slutten for brua, seier Børgesen og held fram:

- Det er første gong at det kjem eit vedtak som peikar på den inkonsekvensen som har vore i alle år. Biltrafikk og klimautslepp skal reduserast. Samstundes planlegg ein eit prosjekt som skal fire- eller femdobla trafikken. Fylkesutvalet peikar på alle konsekvensar som ikkje er løyst, spesielt på natur. Det blir tydeleg vektlagt. Vedtaket markerer eit stemningsskiftet. Vi har lenge kjempa ein kamp lokalt. No har motstanden spreia seg til fylket, noko som viser att i dette fleirtalsvedtaket.

2. - Det er 1.000-kronerspørsmålet. Om eg skal spå, trur eg at prosjektet i førsteomgang ikkje er med i første runde av Nasjonal transportplan (NTP), men eg trur heller ikkje midtre trasé blir skrinlagt enno. Det er framleis ein kamp som må kjempast. Vi har vunne dette slaget, men krigen held fram.

Atle Kvåle (Ap)

1. - Det er det vanskeleg å svara kort på. Det er eit tydeleg signal om at vi politisk er bekymra for kostnader og miljøkostnader.

2. Som fylkespolitikar forventar eg at innspel om arealbruk i Hordaland også blir vektlagt sentralt. Atle Kvåle presiserer at han har to roller opp i det heile: Fylkespolitikar, og ordførar i Fusa.

- Heilt sidan prosessen starta har eg vore ivrig tilhengjar av ferjefri E39. Fram til 2012 var det ikkje noko anna enn indre trasé det var snakk om som kunna løysa den problemstillinga, og det var brei semje om dette. Det som har overraska meg, er at indre trasé aldri har blitt skikkeleg utreidd. Det er blitt påstått ein del ting, men det er ikkje gjort ei kvalitetsmessig god nok utgreiing. Verdien av indre trasé, gitt at ein vel rett trasé, er at ein vil få eit heilt anna kostnadsbilete, og mindre konsekvensar for miljøet.

Nils-Anders Nøttseter (MDG)

1. - Det korte svaret er ja. Vi har jobba lenge med å fortelja folk at dette prosjektet har vakse ut av alle proporsjonar. No er det endeleg fleire som ser det. Det er ikkje lenger berre ei lita særinteressegruppe, men tunge aktørar ordentlege parter som ser at dette ikkje er fornuftig. Regjeringa kan gjera som dei vil, men det at fylkespolitikarane no viser at dei ikkje er "happy" med dette, set eg stor pris på.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. - Det vil overraska meg. Eg vil vera optimist og seia at eg ikkje trur at dei kjem til å dura på med midtre trasé. Ein ting er å overkøyra ein liten kommune. Det er ein heilt annan ting å overkøyra eit fylke. Det andre er dei galopperande kostnadane, seier Nøttseter, som meiner at dei vanvittige summane som blir nemnd i bru-prosjektet bør brukast andre stader.

- På E16 Bergen - Voss døyr det folk i trafikken. Det er ingen som døyr på ei ferje grunna trafikale forhold. Bergen - Voss er viktigare. Det er også bybane og byutvikling. Det finst mange andre viktigare prosjekt enn å senda 12.000 ekstra bilar til Danmarksplass.

Marie Bruarøy (H):

1. - Nei. Det vil eg ikkje påstå. Statens vegvesen skal no samla opp alle høyringane, frå kommunar, næringsliv, privatpersonar og fylket. Desse høyringane sprikar. Eg er spent på kva anbefaling vegvesenet sender til departementet.

2. - Departementet har vore tydeleg, og regjeringa har vore tydeleg på at mitdre trasé er den som er valt. Eg har ikkje fått noko signal på at dei kan snu i denne saka. Trasévalet er tatt, og eg ser ikkje på dette som ein omkamp. Vi har gjort det vi skal og kan. Det blir ikkje billegare på Fusa-sida. Det er ein utopi å tru at det blir billegare å byggja mange tunellar der.