Innsatsen var god i første omgang, men i andre omgang hamna Lysekloster bakpå. Dermed vart det 4-2-tap mot Nest-Sotra. Biletet er frå då laget møtte Nest-Sotra i mai. (Arkivfoto)
Innsatsen var god i første omgang, men i andre omgang hamna Lysekloster bakpå. Dermed vart det 4-2-tap mot Nest-Sotra. Biletet er frå då laget møtte Nest-Sotra i mai. (Arkivfoto)

1-2 vart snudd til 4-2

- Vi er gode i 60 minutt, så raknar det, seier trenar Thomas Sandal etter 4-2-tapet mot Nest-Sotra i ettermiddag.

Lysekloster sitt A-lag leidde 2-1 til pause. Men måtte til slutt sjå seg slegen av Nest-Sotra på Ågotnes kunstgress i ettermiddag.

- Det var ein godt gjennomført første omgang. Deler av andre omgang er også bra, men så detter vi nedpå, seier trenar Thomas Sandal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Baste Jonassen og Petrit Zhubi teikna seg på målskårarlista i første omgang. Lysekloster hadde dessutan ein kjempesjanse i andre omgang, og var nær ved å auka leiinga til 3-1. I staden var det Nest-Sotra som tok over showet.

- Vi fell om etter at vi ikkje klarar å setja den sjansen. Vi er ikkje lenger nokon trussel framover, seier Sandal.

Førre gong Lysekloster møtte Nest-Sotra tapte dei 0-9, at innsatsen var betre i dag, er ingen trøst ifølgje Sandal.

- Det skulle berre mangla, seier han.

Neste helg har laget frihelg. Det er trenaren glad for.

- Vi skal trena bra, og så tek vi det igjen om fjorten dagar, seier Sandal.