Vi gratulerer Fredrik Andersson frå Os som vinnar i Os & Fusapostens Facebook-konkurranse!
Vi gratulerer Fredrik Andersson frå Os som vinnar i Os & Fusapostens Facebook-konkurranse!

Svenske med iPad-tur

Det var svenske Fredrik Andersson frå Kuvågen som vann ein iPad mini i Os & Fusapostens Facebook-konkurranse.

- Tusen takk, dette blir husets aller fyrste iPad, seier Fredrik på klingande osisk idet han får premien i neven.

Svenske Fredrik er gift med Anne Solberg Andersson frå Os, og var ein av 1.266 personar som trykte "likar" på avisas Facebook-post frå 6. juni. Dagen då Os & Fusaposten gjekk på nett for fyrste gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blodfan

- Fredrik, trykte du likar fordi du er blodfan av avisa, eller fordi du ville ha ein iPad?

- Eh...eg har jo trykt likar på mykje anna også, så det er vel fordi eg likar avisa, svarer han diplomatisk.

Så står det att å sjå kor lenge Fredrik får ha iPaden for seg sjølv. Bak han i døra står nemleg to nysgjerrige døtre på to og fem år, meir enn klare til å opna vidunderet.