Hjalmar Skansen fortel om sitt livs verste helg, med von om at noko slikt ikkje vil skje med andre.
Hjalmar Skansen fortel om sitt livs verste helg, med von om at noko slikt ikkje vil skje med andre.

Hadde kreft - fekk diagnosen uspesifikke smerter

Legevakta i Os sende Hjalmar Skansen heim med beskjed om at det ville gå over. Seinare måtte han hasteopererast for kreft med spredning.

Hjalmar Skansen (64) låser opp døra for oss på gateplan i dei kommunale bustadene på Elvebakken.

- Det kriblar slik i fingrane mine når eg tek på dørklinka. Det er cellegifta som gjer det, fortel han og viser oss opp i etasjane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inne i husvêret ligg det medisinar og helserelaterte papir. Hjalmar byr oss på ein kopp kaffi, og tek til å fortelja om helga i slutten av oktober som han kallar den verste i sitt liv.

- Det tok til på fredagen. Eg fekk store smerter i magen - greidde ikkje å gå på do, og maten kom i retur. Det var umogleg å sova, eg har aldri kjent noko liknande. Eg har omtrent ikkje vore sjuk heile livet, og kjenner kroppen min. Fleire gonger var det like før eg ringde 113, seier Skansen.

Han fortel at han hadde for stor respekt for naudnummeret til å gjera alvor av det.

Hjalmar Skansen seier at han vil droppa saka så sant han får ei unnskyldning.
Hjalmar Skansen seier at han vil droppa saka så sant han får ei unnskyldning.

Møte med Os legevakt

Etter to dagar med kraftige smerter reiste han i staden opp til Os legevakt.

- Eg fortalde om alt som var skjedd. Han stakk meg i fingrane, lytta til magen og sa at han ikkje høyrte noko unormalt. Deretter vart eg sendt heim med beskjed om at det ville gå over i løpet av nokre dagar! seier han.

I ettertid har han fått tak i utskrift av journalen sin som stadfestar korleis legen vurderte situasjonen: "Mulig virus, finner ikke tegn til malign (ondartet) behandlingstrengende sykdom". Han fekk diagnosen uspesifikke magesmerter.

Hasteinnlagt på Haraldsplass

Deretter følgde nye dagar med store smerter. I november tok han kontakt med fastlegen sin i Os. Ein lege undersøkte Hjalmar, og fekk han sendt sporenstreks til Haraldsplass.

- Den legen redda truleg livet mitt. Etter CT og MR på sjukehuset vart eg plassert heilt fremst i operasjonskøen, seier Hjalmar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fjerna ein vondarta svulst frå tjukktarmen, og seinare fann dei at det hadde spreidd seg til leveren også. Etter cellegiftkur har det minska med to centimeter, og Hjalmar er overtydd om at han skal greia seg gjennom dette.

Må få etterspel

Men det som skjedde i oktober ved Os legevakt har han ikkje tenkt å gløyma utan vidare.

- Eg er ikkje sint eller bitter. Men hendinga må få eit etterspel.

- Er du ute etter erstatning?

- Nei, eg er oppteken av at noko slikt ikkje må skje fleire gonger. Tenk om eg hadde døydd av dette - då hadde denne legen hatt eit liv på samvitet!

Han har kontakta kollegaer av legen, og bede om at han tek kontakt, men så langt har han ikkje høyrt noko.

- Eg kunne godt tenkt meg ei unnskyldning. Då trur eg at eg hadde droppa heile saka. Men eg har ikkje høyrt nokon ting, seier Hjalmar.

Han har kontakta pasientombodet som rådde han til å ta saka opp med namsmannen. Dette blir truleg neste steg for Hjalmar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Skansen har klagerett

Kommunalsjef for helse og omsorg, Nils-Petter Borge, hadde ikkje høyrt om saka då «Os og Fusaposten» tok kontakt.

- Hjalmar Skansen kom altså inn med forferdelige magesmerter - men blei sendt heim igjen med beskjed om at dette skulle gå over. Seinare måtte ein annan lege henvisa han til Haukeland der han blei hasteoperert på sjukehuset for kreft med spreiing. Korleis kunne noko slikt skje?

- Dette er eit medisinsk-fagleg spørsmål. Eg kan ikkje overprøva avgjerdene frå legane. Ei slik sak vert handtert av legevaktoverlege Benedicte Djupesland. I neste omgang kan Hjalmar Skansen senda klage vidare til fylkeslegen. Då kan dei setja eit søkjelys på Os, og me må dokumentera saka, seier Borge.

Benedicte Djupesland seier at ho ikkje kommenterer enkeltsaker i media.

- Dersom vedkommande ønskjer å klaga, skal denne rettast direkte til legevakta eller fylkeslegen, seier Djupesland.