Kenneth Svenningsen
Kenneth Svenningsen

Ulukke på Halhjemsvegen

Ein mann i 40-åra er henta med luftambulanse etter ei ulukke på Halhjemsvegen no i ettermiddag.

Ulukke skjedde like før kl 16. Mannen skal vera bevisst, men har smerter i bryst/mage.

Bilen kom frå Os mot Halhjem då den eit stykke før krysset til Haugland skeina ut i grøfta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet og brannvesen er på staden i lag med helsepersonell

Skadestadsleiaren kan ikkje seia noko meir om skadeomfanget.

Vegen er stengt i begge retningar og det er lang kø på Halhjemsvegen som følgje av ulukka. Manuell dirigering på staden.

Brannvesenet sikrar staden og har starta oppryddingsarbeidet. Tauebil er på veg.

Politiet opplyser at dei satsar på å kunna opna opp vegen om relativt kort tid.