Bjørn Helland vart i føremiddag tildelt "Norges Vels medalje" for lang og tru teneste. Seksjonsleiar Tone Dalstveit Mosevoll i Helse-Bergen heldt tale.
Bjørn Helland vart i føremiddag tildelt "Norges Vels medalje" for lang og tru teneste. Seksjonsleiar Tone Dalstveit Mosevoll i Helse-Bergen heldt tale.

Ambulanse-Bjørn heidra

- Ja, no vart eg sjokka, sa hovudpersonen Bjørn Helland då han hadde fått summa seg etter folkeoppmøtet og applausen framfor inngangsdøra til Eikelandsfjorden samfunnshus.

Morten Holmefjord

morten-holmefjord@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørn Helland vart i føremiddag tildelt «Norges Vels medalje» for lang og tru teneste.

- At ein hadde greidd å halda utdelinga hemmeleg, er no heilt utruleg, sa ein av dei frammøtte.

Her var tidlegare kollegaer frå ambulansetenesta, Raudekrossen, politi, brannvesen, kommune og næraste familie.

Bjørn Helland vart mildt sagt overraska over oppmøtet.
Bjørn Helland vart mildt sagt overraska over oppmøtet.
Då Ambulanse-Bjørn kom, gjorde han teikn til at her var det berre å rygga, men kom til slutt ut av bilen for å helsa på gamle kjende.
Då Ambulanse-Bjørn kom, gjorde han teikn til at her var det berre å rygga, men kom til slutt ut av bilen for å helsa på gamle kjende.

- Han trudde han skulle passa Kasper, sa dottera Linda Elise Helland.

Då Ambulanse-Bjørn kom, gjorde han teikn til at her var det berre å rygga, men kom til slutt ut av bilen for å helsa på gamle kjende.

Innanfor vart det snittar og kaffi. Før tildelinga av «Norges Vels medalje» for lang og tru teneste, heldt seksjonsleiar Tone Dalstveit Mosevoll i Helse-Bergen ein liten tale.

- Eg tok utgangspunkt i bokstavane i førenamnet hans. Han er ein Bauta og blir Beundra, alltid ein Ja-person og Jobbar alltid. Bjørn er ein ein Ønskjer å jobba saman med, han er Ryddig, Roleg og Romsleg. Nevenyttig og Nøysam, sa Mosevoll før Helland fekk sølvet på bringa.