annonsorinnhald

Partia om MILJØ i Bjørnafjorden kommune

Partia om MILJØ i Bjørnafjorden kommune

Måndag 9. september er det kommuneval og du kan vera med og bestemma kven som skal styra i nye Bjørnafjorden kommune. Kvar veke fram mot valet vil du kunne lesa om kva dei enkelte partia meiner om ei rekkje aktuelle saker. Denne vekens tema er MILJØ.

Se dette bildet i full størrelse
Høgre logo

Høgre

Bjørnafjorden kommune skal bidra til å nå dei internasjonale klimamåla gjennom sin lokale Klima, Energi og Miljøplan (KLEM). Klima- og miljøutfordringane krev lokal innsats. Betre ressursutnytting kan gje store gevinstar både for miljøet, økonomien og samfunnet. Samarbeid med næringslivet, lag og organisasjonar i haldningsskapande arbeid vil vera viktig for å skapa engasjement, og for å nå viktige målsetjingar. Gjennom vårt medlemsskap i Klimapartner vil vi fokusera på matsvinn, kjeldesortering og reduksjon av plastavfall i alle kommunale bygg, og ha ei positiv haldning til utgreiing og innfasing av fornybare energikjelder i våre bygg. Høgre vil vurdera å oppretta ei eigen stilling som Miljøfremjar, og vi skal halda fram med å ha ei aktiv rolle rundt regionale og nasjonale ryddeaksjonar.  Vi vil få på plass fleire strategisk plasserte hurtigladestasjonar for køyrety, og vi skal auka bruken av tre i konstruksjonar og materialar i kommunale byggjeprosjekt.

  

Se dette bildet i full størrelse
Venstre logo

Venstre

Bjørnafjorden Venstre er eit parti som set miljø i fokus.

Vi vil     

  • Setja av minimum 50% av kommunale overskot  i eit fond for miljøtiltak. Fondet skal gje støtteordningar til miljøtiltak for  innbyggjarane i kommunen og motivera  til grønne næringar. 
  • Jobba for eit større artsmangfald i den vakre naturen vår
  • Stimulera  til opprydding av plast i havet  og støtta gode  ordningar for levering av oppsamla plast.
  • Bjørnafjorden Venstre ønskjer å stimulera til driftsrutinar for oppsamling av gummigranulat på kunstgrasbanar.

  

Se dette bildet i full størrelse
AP logo

Arbeiderpartiet

Klima og miljø er særs viktig for Bjørnafjorden Arbeidarparti. Vi vil arbeida aktivt for at måla i Klimalova skal innarbeidast i kommunen. Klima- og miljøarbeidet må gå igjen i all kommunal planlegging, slik at kommunen sitt klimaavtrykk vert redusert. Gjennom aktiv bruk av ein god og oppdatert Klima- og miljøplan (KLEM-plan), vil vi sørge for å ha forpliktande og etterprøvbare mål og planar i alle sektorar. I samarbeid med næringslivet vil vi legge til rette for grøn industri og grøne arbeidsplassar.

Kommunen må vera aktiv i arbeidet med å stansa tap av artar og naturtypar, på land, i sjø og i elvar. Vi vil legge til rette for ei berekraftig bruk av naturen, med god forvaltning av dyreartar og landskap. Viktige tiltak er pendlarparkeringar og ladepunkt for el-bilar slik at innbyggjarane våre skal kunne velje miljøvenlege transportalternativ i kvardagen. Kampen mot plast må intensiverast og vi vil arbeida for at Bjørnafjorden kommune skal bli plastfri. Pant på plast og innføring av kommunal strandryddedag er blant tiltaka vi vil prioritera.

  

Se dette bildet i full størrelse
SV logo

Sosialistisk Venstreparti 

Klimakrisa er den mest alvorlege trugselen verda står ovanfor, og noko vi i SV prioriterer svært høgt. Klimakrisa kan ikkje løysast lokalt, men lokale løysningar er ein viktig del av den overordna løysinga. Vi vil utarbeida eit miljørekneskap for kommunen og ein klimaplan med ambisiøse utsleppsmål. Kommunen må oppretta ei miljøvernleiarstilling med ansvar for oppfølging av denne planen, samt evaluera miljøverknadene av kommunens investeringar. Den kommunale bilparken skal elektrifiserast etter kvart som den vert byta ut for å minska utsleppa. Vi meiner det må bli full stopp i nedbygginga av dyrka mark då vi treng all den dyrka marka vi har. Eventuell nedbygging av dyrka mark må kompenserast ein annan stad i kommunen for utbyggjars rekning. Vi må ta vare på den naturperla kommunen vår er, til glede for innbyggjarane og utan å skada det biologiske mangfaldet.

  

Se dette bildet i full størrelse
KRF logo

Kristelig Folkeparti

Verdiane forpliktar oss på korleis me tar vare på og brukar naturen og naturressursane. KrF ønskjer ei samfunnsstyring som prioriterer livskvalitet framfor forbruksvekst. KrF sin visjon er at Noreg skal bli eit nullutsleppssamfunn. KrF meiner difor at Bjørnafjorden kommune må arbeida for å kutta i eigne klimautslepp og støtta tiltak som reduserer andre sine utslepp.  

  • Å ta vare på naturmangfaldet i kommunen
  • Å forvalta strandsona, kystlina og innlandsvassdraga på ein slik måte at både born og vaksne kan nytta områda til friluftsliv 
  • Å ha som mål å redusera den samla energibruken og stimulere til auka satsing på bruk av ulike former for fornybar og miljøvenleg energi, både i offentleg og privat samanheng 
  • Å utvikla det kollektive rutetilbodet på tvers av den nye kommunen 
  • Å leggja til rette for miljøvenlege transportløysingar, ladestasjonar for elbilar og sykkelstiar langs kommunale vegar.

  

Se dette bildet i full størrelse
FRP logo

Fremskrittspartiet

Bjørnafjorden FrP vil driva ein aktiv klima- og miljøpolitikk på dei områda kommunen rår over, og følgja opp FNs Bærekraftmål og Norges klimamål. Vi skal ha gode energi- og miljøløysningar i alle nye byggjeprosjekt (solcelle, jordvarme, gass, bioenergi, fjernvarme, massivtre), og satsa på ENØK-tiltak i eksisterande bygg. 

FrP vil ha ein miks av hybrid- og elbilar i den kommunale bilparken, og byggja fleire ladepunkt. Næringskaiene i Bjørnafjorden skal også ha tilgang på landstrøm. I samarbeid med frivillige organisasjonar vil vi leggja til rette for strandrydding og bekjempa plast i havet.

Vi vil halda fram med oppgradering og utbygging av vass- og avlaupsnettet i Bjørnafjorden, og saman med BIR sørgja for effektiv avfallshandtering i Bjørnafjorden med kildesortering og gjenbruksstasjonar.

FrP vil skjerma kjerneområda for landbruk, og ivareta det biologiske mangfoldet gjennom å leggja til rette for grøne lunger i utbyggingsområder og sikra urørt natur. 

  

Se dette bildet i full størrelse
SP logo

Senterpartiet 

Global oppvarming gjer klimagassutslepp til ei stor utfordring i vår tid. Senterpartiet vil at Bjørnafjorden kommune skal følgja opp våre klimaforpliktingar. 

SP vil arbeida for:

  • ein god klimapolitikk som nytta omstillinga til å styrkja næringslivet, skape grøn vekst og fleire arbeidsplasser i heile kommunen
  • at hav, sjø, jord, luft og land skal overleverast til neste generasjon i ein betre tilstand
  • at berekraft skal vera eit overordna prinsipp for utviklinga av kommunen
  • ei arealplanlegging og ein beredskap som tek høgde for endringane i klima
  • vektlegging av biologisk mangfald og landskapsverdiar i samfunnsplanlegginga
  • at ein legg til rette for småskala sol-, vind- og vasskraft
  • fossilfri bilpark og karbonnøytral drift av kommunen
  • gode løysingar for kjeldesortering, og betre ordningar for heimekompostering
  • aktivt støtta arbeidet for å redusera forsøplinga av plast 
  • å ta vare på kulturlandskapet samt fjell, fjord og strandlinje
  • sikre tilkomst for innbyggarane til sjønære areal      
  • støtta aktivt eit nærmiljø som dreg generasjonane saman i eit godt lokalsamfunn

  

Se dette bildet i full størrelse
MGP logo

Miljøpartiet de grønne

Vårt mål er at kommunen skal vera utsleppsnøytral i 2030. Då må det på plass forpliktande årlege klimabudsjett som talfestar utsleppskutta fram mot 2030, og som rapporterer framdrift på miljø- og klimatiltak. Det må opprettast fleire kommunale stønadsordningar for t.d. heimekompost, solenergi, og reintbrennande eldstader. Kommunen skal fremja det grønt skiftet gjennom innkjøp (og gjenbruk), miljøsertifisering og kjeldesortering i eigne einingar.

Bjørnafjorden kommune bør gjera forsøk med fossilfrie byggeplassar i kommunal regi, satsa på klimasmarte nybygg – der fleire vert bygde i heiltre. Innbyggjarane (og næringslivet) bør få levera matavfall, og BIR bør oppmodast til å halda fram arbeidet med god og effektiv kjeldesortering. MDG meiner kommunen skal vera ein tydeleg og sterk aktør i kampen mot plastforsøpling.

Her finn du tidligare tema:
- Eldreomsorg
- Skule & Barnehage



 

Innhaldet i denne artikkelen er utarbeidd av marknadsavdelinga i Os & Fusaposten.

Os & Fusaposten skal ha eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Om du opplever at denne eller andre annonsar ikkje er merka tilstrekkeleg, gje oss beskjed på e-post.