annonse

Fusa-surfetreff i Australia

: Linn Hamre forevigar Fusa-gjengen saman med veninna si, Marte Fredriksen.
: Under snorklinga ved Morton Island såg Frank André hai.
: Anders Rein, Frank André Svendsen og Glenn Hamre prøvde seg på surfing på solkysten nord for Brisbane. Anders Rein var første mann som klarte å stå oppreist på brettet. (Alle foto private)
: Frank André Svendsen har jobba som undervannsingeniør i Angola i fire år. Her er han foreviga med kollegaane sine.
: I Steve Irwin Zoo fekk Frank André helsa på kenguruar.
: På nasjonaldagen til Australia såg unge Svendsen rugbykamp mellom Brisbane Broncos og Rabbithos.

Fusingane veit å finna kvarandre når dei er ute i den vide verda. Nyleg var det Fusa-surf-treff i Australia.

Kenneth Svenningsen

- Det første eg må seia er at me ikkje er særleg til å surfa nokon av oss, men det var kjekt å treffast og me hadde ein svært morosam dag på stranda, fortel Frank André Svendsen.
 

Reiser og møter vener

Han er i ferd med å avslutta ein fire veker lang ferie i Australia. Sist veke fekk han nyss om at hans tidlegare lagkameratar i Fusa-fotballen Glenn Hamre (28) og Anders Rein (29) var "down under" for å besøka søstera til brannmann Glenn, Linn Hamre. Då var det berre å ta kontakt og ordna eit Fusa-treff.
- Linn studerer ved Griffith University. Det var ikkje så langt unna der eg ferierte ved Gold Coast på austsida av Australia, fortel Frank André.
29-åringen jobbar til dagen i afrikanske Angola.
- Eg har vore i Angola, med tilhald i hovudstaden Luanda i fire år. Der jobbar eg som undervannsingeniør i ein 28/28-rotasjon, og bidreg med å innstallera Subsea-utstyr på kring 1.200 meters djup. I friperiodane prøver eg å reisa så mykje som mogleg og møta fusingar og osingar alle moglege plassar, verda rundt, fortel Frank André.
Han har tilpassa seg bra, men vedgår at det er spesielt å bu og jobba i Angola.
- Dette er jo på alle måtar eit veldig annleis land enn Noreg. Det er ein del korrupsjon og det finst uendeleg med utfordringar for å gjennomføra sjølv dei enklaste ting, men eg trivst, seier 29-åringen.
Han har også si eiga nettside «Frank goes to Africa» der han legg ut ein del bilete og historie-snuttar om livet i Angola.

Burleigh Heads Beach

Fusa-treffet fann stad på Burleigh Heads Beach sist veke. I tillegg til å møta sine to kameratar, Anders og Glenn, fekk Frank André helsa på Linn og veninna hennar frå Oslo, Marte Fredriksen.
- Det var ingen av oss som hadde surfa tidlegare, og til min store ergrelse var det dataprogrammeraren Anders som fiksa det best. Han har jo ikkje akkurat motorikk som si beste side, men jammen kom han seg ikkje på brettet ganske så kjapt, fortel Frank André.
Linn og Marte, som snart har vore eit år i Australia, hadde litt meir erfaring med bretta og fungerte utmerka som surfe-instruktørar for dei badeglade kompisane.
Etter kvart vart det meir bading med brett og caching-opp-prat på stranda.
- Anders hadde surfehåret, Glenn hadde surfekroppen, medan eg hadde ...surfebrett, humrar Frank André.

Åleine på tur

Verdsvande Frank André er elles åleine på ferie i Australia. Utanom Fusa-treffet på solkysten av Australia har han køyrd leigebil rundt "all-over", snorkla kring Morton Island og helst på kenguruar i Steve Irwin Zoo.
- Det har vore ein flott tur. Spesielt artig var det å sjå hai då eg dykka. Og så var det kult å vera på rugby-kamp og sjå Brisbane Broncos mot Rabbithos. Dette var attpåtil på Australias nasjonaldag, så det var sjukt vill stemning, fortel den bereiste fusingen.
Med denne turen har han feriert i 53 land.

EM-tur til sommaren

Sjølv om han til dagen bur i Angola hender det sjølvsagt at Frank André legg turen mot nordlegare breiddegradar. Det skal han garantert til sommaren.
- Det blir nok ein Fusa-tur også, men først og framst ser eg fram til EM i fotball i Frankrike. Der skal eg reisa i lag med Remi Osebakken, Silje Ferøvik Pedersen og Ole Martin Holmefjord. Me skal mellom anna sjå England-Russland, Italia-Belgia og Spania-Tyrkia. Det blir moro, seier den tidlegare fotballkeeperen.
- Du har sett ein del store arenaar og store fotballkampar. Kor mange land har du sett fotball i?
- Eg har vore på kamp i Argentina, Brasil, Bolivia, Angola, Sør-Afrika, Australia, Tyskland, England og Spania. Med Noreg og Danmark vert det 11 land. Det vert nok fleire, avsluttar globbetrottaren.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut