annonse

Gir bort brudekjolen

: Vil du gifte deg, men manglar pengar til brudekjole? Då kan du ta kontakt med Hege Gausvik Fosdahl.
: Hege Gausvik Fosdahl vil heller gjera noko godt for andre enn å tena pengar på eigen brudekjole.
: Tom Kyte Gausvik støttar konas val, men ektemannen følgjer ikkje med kjolen.

Hege Gausvik Fosdahl gifta seg 13. mars. No vil ho gi bort brudekjolen til nokon som treng han.

  • Anne Marie Aarøen Vangsnes

30-åringen frå Hegglandsdalen arbeider som helsesekretær og kjem sjølv frå ein heilt vanleg familie.

- Økonomien kan vera ei utfordring for oss også, difor synest eg det er så fint å kunna gje vekk kjolen til nokon som treng han og har begrensa midlar, smiler ho.

- Men du kunne vel sjølv hatt bruk for pengane du kunne fått ved å selja han?

- Ja, men pengar betyr ikkje så mykje. Det betyr meir å kunna hjelpa nokon andre, seier ho.

Overtruisk

Hege er skeptisk til å visa fram heile kjolen på bilete.

- Eg er kanskje litt overtruisk, men eg synest ikkje mannen skal sjå kjolen før bryllaupet.

Ho har likevel ingenting imot at vi beskriv han i generelle ordelag for lesarane.

Ny pris for kjolen, som er i storleik 10 eller 38, var kr 7.500.

Kjolen er eggeskal-farga med eit klassisk havfrue-snitt. Det vil seia at han er tettsitjande over midje, rumpe og lår, men vidare seg ut ved knea. Nedst har han fleire lag med tyll. Bryststykket er spanskinspirert med blonder og ryggen er open.

- Ta kontakt med meg på Facebook eller telefon, så sender eg bilete, oppmodar Hege.

Toll-krøll

Hege har vore lukkeleg gift sidan 13. mars, sjølv om kjolen ho gifta seg i var ei naudløysing.

- Alt gjekk litt fort. Han gjekk på kne og fridde i jula og ein månad seinare bestilte eg kjole på nettet. Men så vart kjolen liggjande fast i tollen i Oslo. Tre dagar før bryllaupet måtte eg av garde til brudebutikk på Sotra og handla ny kjole, seier ho.

- Kva synest mannen din om at du gjev vekk kjolen?

- Han likte kjolen på bryllaupsdagen, og synest også det er ein god idé å gje han vekk.

- Så du er ikkje av dei som tek vare på han i håp om at eigne døtrer ein dag skal stå brud i kjolen til mor?

- Ha-ha, nei, vi har fem søner til saman, så det skjer nok aldri, ler ho.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.