annonse

- Kan eg hjelpa eitt menneske til eit verdig liv, skal eg vera nøgd

:
:
:
:
:

Optikar Hans Bjørn Bakketeig har sidan 2001 jobba med og for synshemma i Europas fattigaste land, Moldova. Hans unike engasjement for enkeltmenneske har gitt ein heil nasjon eit ufatteleg løft innan augehelsefaget.

For pasientar, medarbeidar og samarbeidpartnarar er Hans Bjørn ein inspirator, eit føredøme og pådrivar. Gjennom sitt virke og praksis viser Hans Bjørn korleis humanitært arbeid kan gjennomførast på ein måte som endrar livet frå fortviling og vonløyse til livsglede og framtidstru.

Hjelpt 10.000 synshemma

- Kan eg hjelpa eitt menneske til eit verdig liv, skal eg vera nøgd.

Dette sa Hans Bjørn Bakketeig i 2001 då han første gong vart invitert med til Moldova. Han vart sjokkert over det han såg då han kom dit. Synshemma fekk inga hjelp. Dei var ekskluderte frå barnhage, skule, fritidsaktivitetar og arbeidsliv. Det fanst ingen optikarar i landet. Han var den einaste.

Femten år seinare har Hans Bjørn Bakketeig og medarbeidarane hans hjelpt meir enn 10.000 synshemma. 10.000 enkeltindivid har fått auka funksjonsevne og livskvalitet. 10.000 medmenneske har teke steget frå å vera ei byrde for familie og samfunn til å vera aktive bidragsytarar. Forenkla sagt ved at dei har fått tilgang til noko som for oss nordmenn er heilt sjølsagt - tilpassa briller!

Moderne augekirurgi

I 2008 etablerte Hjelp Moldova under Bakketeig si leiing eit nasjonalt komptetansesenter for synshemma. Senteret har hovudsete I Chisinau, og yter tenester over heile landet. Alle konsultasjonar er gratis, og alle synshjelpemiddel vert leverte utan kostnad for pasienten. Senteret har arbeidsgjevaransvar for to augespesialistar, ein spesialsjukepleiar og ein økonomiansvarleg. Leiaren ved senteret, Tatiana Ghidirimshei, tok i 2013, som den første i landet, doktorgrad på rehabilitering og integrering av synshemma med Hans Bjørn Bakketeig som rettleiar.

Oftalmologi-miljøet (augespesialistane) i Moldova har fått eit løft kompetansemessig og utstyrsmessig. Slik er det ved universitetsklinikkane i hovudstaden Chisinau. Men det gjeld like mykje for sjukehusa og poliklinikkane på landsbygda.

På Bakketeigs initativ er moderne augekirurgi introdusert i Moldova. Det skjedde ved at han for 12 år sidan inviterte augekirurg Jan Askvik ved Bergen Øyelegesenter til å vera med på dugnaden. Kvart år sidan har Askvik nytta ei ferieveke til undervising og kompetansebygging for sine moldovske kollegaar. I løpet av denne tida har samtlege aktuelle sjukehus i landet fått tilført, utan kostnad, moderne hjelpemiddel og avansert utstyr for operasjonar.

Revolusjon

Bakketeig har etablert eit omfattande kontaktnett med mange gode samarbeidpartnarar i Noreg og internasjonalt. Takk vere dette er grunnlaget lagt for oppstart av optometriutdanning på europeisk bachelornivå ved det medisinske universitetet i hovudstaden Chisinau (Universitatea de Stat de Medicina si Farmacie "Nicolae Testemitanu"). Studiet er truleg det første i sitt slag i landa som høyrde til Sovjetunionen.

Mellom samarbeidspartnarane er fleire vidaregåande skular i Os, Fusa og Bergen. Elevane gir inntektene frå solidaritetsdagen sin til arbeidet i Moldova. Representantar for elevar og skular reiser kvar haust til Moldova for å sjå korleis pengane kjem til nytte. Ei mor sa etter ei slik reise: "Eg sende av garde ein gutunge, og fekk heim igjen ein mann!"

I sum har arbeidet til Bakketeig og medarbeidarane hans revolusjonert augehelsetesta i republikken Moldova. I løpet av 2017 vonar Hjelp Moldova å kunna overlevera ein nasjonal plan for augehelseteneste til dei moldovske styresmaktene som del av landets nasjonale helseplan.

Menneskerettar

Bakketeigs innsats er ein viktig del av arbeidet for å sikra elementære menneskerettar for dei synshemma; ei gruppe som tel meir enn 100.000 menneske i Moldova. Takk vere Bakketeig kan synshemma no få plass i barnehage, gå på skule, få tilgang til høgare utdanning og delta i arbeidsliv og samfunnsliv.

Bakketeig har fått fleire store utmerkingar. Vi nemner at i 2012 vart han utpeika til "Optometrist of the world" av Verdas Optikarforbund. I 2015 fekk han prisen for livslang læring i "Norske helter".

Hans Bjørn er ein stor inspirasjon for alle oss som har gleda av å samarbeida med han. Vi ønskjer til lukke med 60-års-dagen!

Kåre Ness

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut