Nor og Né for niande gong

Dei har åtte heilaftans revyar bak seg. Men sjølv erfarne skodespelarar kjenner det i magen når det nærmar seg premiere.

Fredag er det premiere på den nye revyen til Nor og Né i Symrasalen på Nore Neset. Den niande framsyninga til revygjengen har fått namnet «Oharaball».

Fleire skribentar

Trass i flotte kritikkar og utselde hus dei siste åra, er ensemblet langt meir audmjuke, enn eplekjekke før årets første framsyning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uansett kor mange gongar dei har vore med på det, knyt det seg alltid ein del spenning til om årets materiale slår an.

- Ein har ingen garantiar for å lukkast i denne bransjen, men me føler årets framsyning føyer seg fint inn i rekkja av klassiske lokale Nor og Né-produksjonar, seier hovudskribent, Thomas Helgesen.

Med dåp, konfirmasjon og husbygging på heimebane har det vore ein ekstra travel vår.

- Me fekk utsett revyen-starten til no siste helga i mai. Det var me berre nøydde til. Elles er me etter kvart ein erfaren gjeng der fleire bidreg både på skrivinga og regisida. Du må også få med at vår tidlegare medlem, Guri Bugge, også har levert materiale til årets revy. Ho kom mellom anna med ideen til ein artig idé om samarbeid mellom Liv på Øyro og eit lokalt gravferdsbyrå, fortel Helgesen.

Kjente gjengangarar

Det er eit erfarent ensemble som står på scenen i år. Thomas Helgesen og Susan Askvik er kontinuitetsberarane i Nor og Né-gjengen. I tillegg har revynomadane Linda Nytræ og Jan Helge Corneliussen forlengst funne seg til rette i gjengen.

Robert Haugetun gjer comeback, medan Pål Heimtoft og Irene Ullensvang også har fleire år på baken med revyteamet.

- Det at me har spelt ein del i lag tidlegare gjer alt mykje enklare. Både skrivinga, rollefordelinga og innøvinga går kjappare. Det blir nok bra i år også, seier leiar Susan Askvik.