Osingane Joachim Olsen, Sondre Askeland, Christer Havsgård, Bjørn Rasmussen og Morten Rasmussen ser seg så absolutt som ølhundar. Gjengen håpar Oseana Ølfestival vert ein tradisjon.
Osingane Joachim Olsen, Sondre Askeland, Christer Havsgård, Bjørn Rasmussen og Morten Rasmussen ser seg så absolutt som ølhundar. Gjengen håpar Oseana Ølfestival vert ein tradisjon.

Øl, øl og betre øl

Det handlar definitivt meir om smak enn om mengde når ølkjennarar og bryggingsarbeidarar møtast på Ølfestival i Oseana.

Gjær, humle, malt og ...ja, sommar. Lukta slår imot meg når eg tek sceneinngangen til Oseanahallen laurdag føremiddag. Rundt meg står folk og nippar til små nette glas. Innhaldet i glasa er brunt, lyseraudt, gulaktig eller meir mørkt.

Eg kjenner meg som born i ein leikety-butikk, men i høgre bukselomme kjennar eg gledesdreparen stikka fram mellom mobilen og snusboksen. Bilnøkkelen. Eg er på jobb, og eg køyrar bil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flott potensiale

Totalt 10 bryggeri er inviterte til den første utgåve av Oseana Ølfestival. Ettersom kvar og ein av dei har med seg bortimot ti ølsortar kvar, står eg altså framfor høvet til å smaka på nær 100 ulike typer brygg, men så var det desse bilnøklane då...

- Du får satsa på at du har helgefri neste gong, seier Berit Steen trøystande.

Arrangementssjefen i Oseana synest starten på festivalen er lovande.

- No var me utruleg heldige med vêret. Det kan jo slå begge veger. Enten er alle på sjøen, på hytta eller andre plasser, eller så tenkjer dei at dei skal finna vegen til ølfestivalen vår, seier Steen.

Ein knapp time ut i festivalen ser ho meir letta ut.

- Det må no vera over eit par hundre her no, Berit?

- Ja, det ser slett ikkje så verst ut. Målet vårt er jo å selja kring 500 festival-pass. Lukkast me med det er me godt nøgde, seier ho.

Like etter får eg helsa på sjefen for Bergen Ølfestival, Stian Krog. Han har altså ansvaret for den noko større festivalen som tek til på Festningen i Bergen 4.-5. september. Krog er svært positiv til det han ser i Oseana.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg trur denne festivalen har eit flott potensiale. Me i ølfestival-bransjen er veldig opptekne av å støtta kvarandre, og heia kvarandre fram. Eg har hjelpt litt til her, og håpar at det blir ein tradisjon, seier Krog.

Lokale heltar

Forutan Hansa Borg er det berre mikrobryggeri som er representert på festivalen. Blant desse, våre eigne Lysefjorden Mikrobryggeri.

Ved tappekranane ved inngangspartiet møter eg marknadssjef Camilla Brekke Dalland, Dagleg leiar Rune Birkeland og medhjelpar Tone Mette Birkeli. Dei tre er rett ut stolte av å få servera ølet sitt direkte til vener og kjente i Os.

- Det er klart det er stort for oss å vera med på ein ølfestival i Os. Det er ein ære, seier Birkeland.

Camilla synest det har gått utruleg fort.

- Tenk at me er her i dag, berre ni månader etter at me starta opp. Ølet vårt er til sals i ei rekkje butikkar landet over, og etterspurnaden vert berre større og større, seier ho.

Ølkjennarane rundt i landet veit å setja pris på gode produkt.

- Til dømes har me folk som ringjer og skriv til oss berre for å takka oss for at me har laga den nye IPA-ølen (Indian Pale Ale) vår. Dei synest han er så god, fortel Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også i bransjen har Lysefjorden fått eit omdøme som talar for kvalitet.

- Me får stadig fleire oppdrag. I sommar skal me laga ølet til «Slaget på vågen»-festivalen i Bergen. Dessutan skal me laga Tysnesfest-øl til festivalen der 8.-12. juli, og sist, men ikkje minst, har me fått æra av å laga Bøllølet til Bergen Ølfestival i september. Det siste går me til med ærefrykt. Me har ein god idé, men kva type øl det vert, kan eg dessverre ikkje røpa her og no, seier Brekke Dalland.

Suverene vinnarar

Det mannlege kjønn var så absolutt i fleirtal på dagens ølfestival i Oseana. Store venegjenger var å sjå over alt, og kvinnene var som regel i mindretal.

- Dei er nok glad i øl dei også, men ikkje så mykje som oss mannfolk, seier Tarjei Skeie.

Varåsen-karen hadde det ærefulle oppdraget med å vera juryleiar i bryggekonkurransen for amatørar.

- Det har vore eit morosamt oppdrag. Me fekk inn 36 ulike øltyper, og gjorde deretter vårt beste for å kåra det beste sommarølet. Nivået på brygget var varierande, men eg vil rosa samlteleg for å ha lukkast med å laga lyst øl, seier Skeie.

Han meiner dei tre beste skilte seg markant frå resten.

- Vinnaren vart Furulunden Bryggelag. Ølet deira var verkeleg godt. Dei tok også andreplassen med eit anna øl. Tredjeplassen gjekk til Gaute Lia. Brygget hans var også veldig friskt og fint, seier juryesjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekte ølhundar

For festivalpasset fekk deltakarane fylla opp glasset tre gonger. Etter det, kunne dei kjøpa bonger og ta fleire smaksrundar.

Ein gjeng som verkeleg såg ut til å kosa seg på festivalen var Bjørn Rasmussen, sonen Morten Rasmussen og fleire av kameratane hans. Dei hadde, som så mange andre denne fine sommardagen, funne seg godt til rette på terrassen utanfor Oseana. Med kvart sitt brygg i handa naut dei stunden til fulle.

- Me er ein ganske så bryggeri-interessert gjeng. Pappa og eg, og han her, Christer Havsgård har vårt eiga nanobryggeri. Me har kalla det Tombrot Nanobryggeri.

- Er de med i konkurransen her i dag?

- Jepp, berre vent til me vinn heile greia, flirer gjengen.

Lite visste dei at eg nett hadde fått vinnarane kviskra diskret i øyret av juryeformannen inne i salen.