- Det er både annleis og litt spennande å kyssa ein mann med skjegg, seier frisør Lena Stigen Mathisen (gift med ein periodevis skjeggemann) til Benjamin Søgnen Olsen.
- Det er både annleis og litt spennande å kyssa ein mann med skjegg, seier frisør Lena Stigen Mathisen (gift med ein periodevis skjeggemann) til Benjamin Søgnen Olsen.

Skjegg for dummies

Skjegg er trendy, men ikkje alt skjegg er fint. Slik gjekk det då skjeggdebutant Benjamin Søgnen Olsen gjekk på manne-spa hos herrefrisør Lena Stigen Mathisen.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Os og Fusaposten-journalist Benjamin Søgnen Olsen (27) har hatt heilskjegg i eit par månader. Medan forloveden er sånn passe nøgd, kan han fortelja at svigermora er svært begeistra.

- Men eg kan for lite om korleis eg skal stella det, sukkar han og klør seg i skjegget.

Manne-spa

Innehavar av Toppen frisør, Lena Stigen Mathisen, gjekk i si tid opp til sveineprøva i skjeggstell og drøymer om å laga sin eigen barbersalong.

Skjegget er for stort over kinnbeina, noko som får Benjamin til å sjå tjukkare ut enn han er.
Skjegget er for stort over kinnbeina, noko som får Benjamin til å sjå tjukkare ut enn han er.
Det held ikkje med zalo og barberskum om ein skal ta skjegget på alvor.
Det held ikkje med zalo og barberskum om ein skal ta skjegget på alvor.
Det er så ein høyrer Gudfaren-musikken når Lena dreg barberkniven over Benjamins tynne hud.
Det er så ein høyrer Gudfaren-musikken når Lena dreg barberkniven over Benjamins tynne hud.
Benjamin før, undervegs og etter skjegge-trimmen.
Benjamin før, undervegs og etter skjegge-trimmen.

Førebels nøyer ho seg med ein slags manne-spa inst i lokalet. Bak eit skjermbrett står nemleg ein barberstol omkransa av barber-remedier for menn.

Her er skjeggete kundar hjarteleg velkomne.

- Men skal ein ha skjegg, må det stellast og ordnast. Mange tenkjer ikkje på å vaska skjegget sitt, men det er vel ingen som hadde latt vera å vaska håret, spør Lena medan Benjamin tek plass i stolen.

Flotte lepper

- Du har veldig flott og tett skjeggvekst, seier ho.

- Har eg? Benjamin lyser opp, overraska over godorda.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har spart lenge, men eg trudde kanskje det var litt pistrete, seier han nøgd.

Skjegget hans er likevel for tjukt øvst på kinnbeina.

- Vi må tynna det på sidene. No ser han tjukkare ut enn han er. Barten er også for stor. Spesielt i profil ser det ikkje bra ut. Han får sånn gamal mann-bart, seier Lena utan å leggja noko imellom.

- Dessutan har du veldig flotte lepper som forsvinn heilt under den buskete barten, kjem det frå frisørkollega Katrine. Benjamin rødmar lett.

Damene må trø til

- Er det noko damene kan gjera for å hjelpa kjærasten med skjegget?

- Ja, absolutt. Dei må ikkje bli så flinke at vi vert arbeidslause, sjølvsagt, blunkar Lena.

- Men under haka, øyrene og bak i nakken, er det vanskeleg å koma til på eiga hand, så der kan damene godt trimma mennene sine litt, seier Lena.

Benjamin får skryt for riktig skjegg-boge under haka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Mange menn barberer skjegget i ein boge som spissar seg ned mot brystkassa. Men då ser det faktisk ut som du har dobbelthake. Bogespissen skal heller gå oppover og treffa midt under, seier Lena og demonstrer korleis du finn midtpunktet: Stikk tunga opp i ganen og stram musklane på halsen. Når du kjenner etter med fingeren under haka, finn du enkelt midtpunktet.

Skum er fy-fy

Etter å ha stussa skjegget til riktig fasong, er det tid for siste finishen med kniv. Benjamin dreg pusten djupt.

- Eg kan fortelja deg korleis det gjekk med den aller fyrste kunden min når eg er ferdig, smiler Lena.

- Men han lever framleis?, spør Benjamin forsiktig.

- Ja, han lever, ler Lena.

Lena skummar opp såpe i ei skål med barberkost.

- Bruker du aldri skum på boks?

- Nei, såpe er mykje meir skånsomt for huda. Skum er fy- fy, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Osingar med skjegg

- Kva synest du om kjende osingar med skjegg. Til dømes "kjendisbonde" Olav Botnevik?

- Å ja, men han er jo veldig flott. Eg trur han er flink til å stella og ordna skjegget sitt, seier Lena.

- Kva med Eirik Søfteland?

Lena og Katrine ser på kvarandre og tenkjer seg litt om.

- Der er vi litt meir usikre. Han kunne med fordel ha trimma skjegget litt. Det er rart at skjegget ikkje ser betre ut, han som er på eit TV-program med eigen stylist og greier. Men det kan jo henda han har gitt grei beskjed om at dei må ligge unna skjegget hans, ler Lena.

- For nokre er det jo eit "ustelt" skjegg også ein image, legg ho til.

- Kva med Terje Søviknes, ville han kledd skjegg?

- Tja, sei det. Det hadde i alle fall vore spennande å sjå korleis han vart sjåande ut, smiler Lena.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mjuk som ei babyrumpe

Tilbake i stolen har Benjamin fått ein varm og våt klut over andletet. Det er for å mjukgjera huda og opna porene.

- Det er difor ein alltid skal dusja før ein barberer seg, seier Lena.

- Oi, eg har alltid barbert meg før dusjen, seier Benjamin.

- Det er feil. Då får du lett inngrodde hår og sår hud, seier Lena og stryk skummande såpe over kinna hans.

- Eg stryk "mothårs" slik at eg får håra til å stå rett ut, forklarer ho.

Med varsam hand dreg ho kniven langsetter skjeggstubbane som skal bort. Resultatet er ein stram skjeggekant. Og babymjuk hud.

- Herlighet! Så glatt har eg aldri før vore etter barbering, smiler Benjamin.

Kniven på strupen

Så står halsen for tur. Det er som om vi høyrer temaet frå Gudfaren når Lena legg kniven mot strupen hans.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ein barberkniv er mykje lettare å handtera enn ein høvel. Det er lettare å koma til der vi skal, seier ho.

Benjamin overlever utan ei skramme. Til slutt masserer Lena olje inn i skjegget.

- Det er godt for huda og det får skjegget til å sjå fint og blankt ut.

Benjamin er stornøgd. Så står det berre att å sjå kva kjærasten seier.