Håkon Tombre meiner det må vera meir kontinuitet i planarbeidet til kommunane. - Arealplanen burde vore rullert for kvar kommunestyreperiode. Slik stoda er i dag kan det gå meir enn ti år mellom kvar gong planen kjem på bordet. Det er fortvilande, seier han.
Håkon Tombre meiner det må vera meir kontinuitet i planarbeidet til kommunane. - Arealplanen burde vore rullert for kvar kommunestyreperiode. Slik stoda er i dag kan det gå meir enn ti år mellom kvar gong planen kjem på bordet. Det er fortvilande, seier han.

Utdanning: Frå 500 regnbogeaure til millionverksemd

I 1971 vart Tombre fiskeanlegg starta som eit supplement til gardsdrifta til Per og Olaug Tombre. I dag omset familieverksemda for nesten 300 millionar i året.

- Det har vore eit eventyr. På 1970-talet snikra far min merdane heime på garden. I dag er alt veldig "high tech", seier Håkon Tombre som tok over ansvaret for drifta i 1989.

Det starta med 500 regnbogeaurar i Skogseidvatnet. På 1980-talet byrja familien med produksjon av laksesmolt i det same vatnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Far min var yrkesmilitær, så det var mor mi som dreiv garden og fôra fisken i vekedagane, fortel Tombre.

Han var ti år då oppdrett vart ein del av kvardagen. Få år seinare var brørne hans, som var eldre, flytta ut. Dei heldt på å utdanna seg. Dermed vart Håkon ein naturleg hjelpar.

- Meldeboka mi bar preg av kva familien heldt på med. Den eine dagen stod det at Håkon måtte ha fri av di han skulle vera med og ta opp fisk, den neste var eg vekke på grunn av fysisk fostring. Då var det sauesanking som stod på agendaen. Det var aldri snakk om å ha sommarjobb andre stader, fortel han.

Kjetil Hestad var ordførar på Tysnes frå 2011 til 2015. No jobbar han som miljø- og samfunnskoordinator i Tombre. Hestad meiner byråkrati stikk kjeppar i hjula for oppdrettsnæringa. - Om vi held fram som no, vert det inga vekst i oppdrettsnæringa i Noreg, seier han.
Kjetil Hestad var ordførar på Tysnes frå 2011 til 2015. No jobbar han som miljø- og samfunnskoordinator i Tombre. Hestad meiner byråkrati stikk kjeppar i hjula for oppdrettsnæringa. - Om vi held fram som no, vert det inga vekst i oppdrettsnæringa i Noreg, seier han.
På Skåtholmen utanfor Vinnes sym vel 750.000 laks i dei sju merdane til Tombre. Kirill Ivanov har arbeidd i verksemda i seks år.
På Skåtholmen utanfor Vinnes sym vel 750.000 laks i dei sju merdane til Tombre. Kirill Ivanov har arbeidd i verksemda i seks år.
For kort tid sidan vart Ole Kristian Tombre (27) del av familieverksemda på fulltid. - Laks er ein svært anvendeleg fisk. Vi eksporterer til 30 land, fortel familien. Håkon Tombre kan også opplysa om at det nettopp vart etablert ei direkterute frå Oslo til Miami på grunn av lakseeksport. - Det er ikkje nok passasjerar til å forsvara tilbodet, men av di lasterommet er fylt med fersk laks, er flyginga lønsam likevel, fortel han.
For kort tid sidan vart Ole Kristian Tombre (27) del av familieverksemda på fulltid. - Laks er ein svært anvendeleg fisk. Vi eksporterer til 30 land, fortel familien. Håkon Tombre kan også opplysa om at det nettopp vart etablert ei direkterute frå Oslo til Miami på grunn av lakseeksport. - Det er ikkje nok passasjerar til å forsvara tilbodet, men av di lasterommet er fylt med fersk laks, er flyginga lønsam likevel, fortel han.

Tredje generasjon Tombre

Mykje har skjedd sidan Per og Olaug Tombre var blant pionerane i oppdrettsnæringa for 45 år sidan. I 1988 starta sonen Håkon, i ein alder av 27 år, med lakseproduksjon i Hardangerfjorden. I dag har verksemda sju matfiskkonsesjonar og to settefiskkonsesjonar, og lokalitetane deira er plasserte i Fusa, Kvam, Samnanger, Osterøy, Fedje og Høyanger.

I 2015 omsette verksemda for 291 millionar kroner. Eller for å seia det på ein litt annan måte: 7.400 tonn med sløyd laks og aure, 400 vogntog med fisk og 37 mill. middagsporsjonar.

- 400 vogntog vil i praksis seia 7,2 mil tettpakka med bilar. Det set det litt i perspektiv, seier Tombre og smiler.

I mai vart sonen, Ole Kristian (27), ein del av familieverksemda. Det vil seia på fulltid.

- Ole Kristian har alltid vore med på det som skjer. Han var til dømes med å sortera fisk då han sat i barnevogn, fortel mamma Tone, som arbeider som kontorleiar i verksemda.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har på ein måte ei genetisk tilknyting til bransjen. Det var aldri spørsmål om eg skulle verta del av verksemda, berre når, fortel 27-åringen.

Det var også grunnen til at han valte ei heilt anna utdanning. Tombre junior konkluderte ned at tømrar og byggmeister var det gunstigaste valet for han. I tillegg har han gått teknisk fagskule, og arbeider i dag som teknisk ansvarleg i verksemda.

- Oppgåvene mine er hovudsakleg knytt til anlegga, fortøyingar, sertifisering og den slags. Eg kan med handa på hjarta seia at eg ikkje har angra eitt sekund på at eg valte den retninga eg gjorde, seier Ole Kristian.

Fryktar B-laget

Regjeringa har i lang tid sagt at ein ønskjer vekst i havbruksnæringa i Noreg. Slik stoda er i dag, meiner Håkon Tombre, at byråkrati er til hinder for ei slik utvikling.

- Vi høyrer at dei vil ha vekst, men vi ser ikkje så mykje til det. Faktum er at produksjonen av laks gjekk ned i Noreg i 2016, seier miljø- og samfunnskoordinator i Tombre, Kjetil Hestad.

Årsaka til at verksemda har lokalitetar på Fedje, Osterøy og i Høyanger til dømes, er at verksemda ikkje har høve til å ekspandera på heimebane.

- Det er eit resultat av regulering. Vår erfaring er at kommunane er villige til å hjelpa. Kommunane ser verdien av lokale arbeidsplassar og lokal verdiskaping, men det går for lang tid mellom kvar gong arealplanar vert rullerte, og næringa får høve til å koma med innspel, seier Hestad og legg til:

- Utviklinga i oppdrettsnæringa går langt raskare enn kommunane sine planar. Difor er det viktig å tenkja langsiktig, og planleggja i alle fall 10-15 år fram i tid, meiner han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljø- og samfunnskoordinatoren viser til at berre to prosent av verdas matforsyning kjem frå havet. Potensialet er enormt, meiner han.

- Nokre hevdar at miljøpåverknaden frå næringa er utilbørleg, og at krava difor må skjerpast, men næringa ønskjer friske fjordar og friskt hav. Om vi produserer på ein slik måte at vi øydelegg fjorden, så øydelegg vi jo vårt eige matfat, seier Hestad.

Fusa-verksemda fryktar at dersom dei ikkje får høve til å investera og fornya seg, så hamnar dei på B-laget.

- Det vert ein vond spiral. Om prisane i tillegg går ned, vert det vanskelegare og vanskelegare å følgja krava frå styresmaktene, seier Tombre og peikar på at Noreg berre brukar 0,5 prosent av sjøarealet til å produsera mat.

- Områda ein legg beslag på er små samanlikna med kor mykje mat ein produserer. Om ein skubbar alle anlegga i Noreg saman, får ein eit areal på storleik med Bømlo kommune, legg han til.

Norske hender?

Verksemda er spesielt uroa for ei ny forskrift som ligg ute til høyring i desse dagar. Ifølgje Hestad inneber det nye forslaget at dersom det vert oppdaga ein villaks med mykje lus kvar som helst i Hordaland, så får det konsekvensar for heile oppdrettsnæringa i fylket.

- Produksjonen må ned med 6 prosent. Vi underkjenner ikkje tydinga av å ha kontroll på lusesituasjonen, eller å hindra at fisk rømmer frå anlegga, men forslaget får ikkje berre konsekvensar for lokalitetane i nærleiken. Naboane får også smaka pisken. Det vert ei form for kollektiv avstraffing, seier Hestad.

Han trur at dersom styresmaktene ikkje byrjar å tenkja annleis, så vil verksemder som er mindre enn Tombre få store problem med å overleva dei neste ti åra. Konsekvensen kan verta strukturelle endringar i næringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tombre har eksistert i 45 år, men vi toler ikkje kva som helst, vi heller. Resultatet kan verta at staten tapar. Lokale verksemder vert ikkje lenger lokale. Vi klarer ikkje å halda næringa på norske hender, påpeikar Tombre.

Duoen meiner det er enkle grep som skal til for at næringa på ny skal kunna veksa. Dei peikar òg på at havbruksnæringa kan verta den viktigaste bidragsytaren til å få ned arbeidsløysa på Vestlandet.

- Vi vert stadig vekk kontakta av folk som har mista jobben, og som ønskjer å verta ein del av næringa. Det er flinke folk med gode papir og mykje kunnskap, men det er grenser for kor mange vi kan ta inn. Talet på tilsette må stå i stil med drifta, seier Hestad og legg til:

- Om styresmaktene ikkje trur at næringa er berekraftig, så må arbeidet leggjast ned.

Høgt kostnadsnivå

Tombre har gått frå to til 27 tilsette på 45 år. I dag består Tombre-gruppen av selskapa Tombre Fiskeanlegg AS, Quatro laks AS, Fjord Drift AS og Drageid laks AS. Verksemda er også medeigar i Vest aqua base AS (reinsefisk), Sævareid fiskeanlegg AS (smolt), Hardanger fiskeforedling AS (pakkeri), Seaborn AS (eksport) og Miljø og havbruk AS (thermolicer/servicebåt).

- For to år sidan investerte vi 20 mill. kroner i nytt utstyr. No diskuterer vi å utvida igjen. Vi skal til dømes heilt bort frå avlusing ved hjelp av medikament, fortel Tombre.

Han legg til at det er få bransjar som brukar så mykje pengar på driftsutstyr som oppdrettsnæringa. Å etablera ein lokalitet kostar mellom 25 og 35 millionar.

- Etter 12 til 15 månader slaktar du fisken. Deretter må lokaliteten liggja brakk i 9 til 12 månader før du set ut ny fisk. Kva andre næringar er det som har råd til å la produksjonslokala stå tomme i så lang tid, spør han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det høge kostnadsnivået gjer at det ifølgje Tombre er heilt umogleg for nye aktørar å etablera seg i bransjen.

- Det toget er nok gått, seier han.

Tombre var blant dei første verksemdene i Hordaland som tok i mot lærlingar. Verksemda har eit tett samarbeid med Fusa vidaregåande skule, og har husa unge, lovande innan havbruksnæringa sidan 1991 og fram til i dag.

Håkon Tombre er ikkje i tvil om at han vil anbefala næringa til dagens ungdom.

- Det er ufattelege mange moglegheiter innan bransjen. Anten du ønskjer å koma tett på fisken og elementa og å vera ute i naturen, om du ønskjer å utvikla nye idear og teknologi, eller vil sitja på kontor og arbeida i Mattilsynet, Fiskeridirektoratet eller med marknadsføring, sal eller eksport, så finst det moglegheiter. Havbruksnæringa treng alle former for kompetanse, påpeikar han.

Ole Kristian Tombre er eit godt døme på at havbruksnæringa har trong for tilsette med ulik bakgrunn. I tida som kjem ser han fram til å halda fram med å produsera eit produkt som familien kan leva av, og som er attraktivt for forbrukarane.

- Vi er nok nøydde til å verta større for å halda tritt med konkurrentane. Og så håpar eg at samtlege oppdrettarar, ein vakker dag, får bukt med lusa, slik at vi kan retta fokuset mot ein meir økologisk produksjon, seier det yngste bladet Tombre.