Espen og Knut Jarle Aspenes er samde med Ween & Zhang om at dei skal få driva kinesisk restaurant på bakkeplan i Brugata 6. (Ilustrasjonsfoto ABO PLan og Arkitektur AS)
Espen og Knut Jarle Aspenes er samde med Ween & Zhang om at dei skal få driva kinesisk restaurant på bakkeplan i Brugata 6. (Ilustrasjonsfoto ABO PLan og Arkitektur AS)

Aspenes går for kinesisk restaurant i Brugata 6

Ein gong i løpet av våren opnar ein ny kinesisk restaurant i Brugata 6. Pizza er det nok av. Dette blir eit supplement, seier Espen Aspenes.

I haust søkte Os Næringspark AS med brørne Espen og Knut Jarle Aspenes i spissen om bruksendring for Brugata 6 på Osøyro. Alt då var dei klare på at dei ville ha inn ein type restaurant-verksemd i på gateplanet.

Tradisjonelt populær mat

Os Næringspark har no skrive avtale med Ween & Zhang om drift av restaurant i desse lokala.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me enda på kinesisk mat. Pizza er det nok av her i Os, og gode kinesiske restaurantar har tradisjon for å klara seg godt på plassar som Os. Me har trua på at dette tilbodet vert eit godt supplement til det serveringstilbodet som er på Osøyro i dag, seier Espen Aspenes.

Han presiserer at det enno vil gå litt tid før dei nye leigetakarane kan flytta inn og opna restauranten.

- Nett no ventar me på godkjenning av skjenkeløyve og eit par andre formalitetar. Målet er at Ween & Zhang kan starta ombygginga av lokala om relativt kort tid, seier Aspenes.

Nær 200 kvadratmeter

Den nye restauranten vil få plass i deler av det gamle DNB-bygget, samt der Nordisk Rom heldt til tidlegare.

- Lokala er på 193 kvadratmeter, så det vert ein relativt stor restaurant, fortel Aspenes.

Restaurant-firmaet har godt ord på seg frå bransjen.

- Rundt om kring i Noreg finst det ei rekkje kinesiske restaurantar. Nokre er meir dedikert til autentisk kinesisk mat enn andre. Ween & Zhang er blant dei. Dette er folk som legg sjela si i å visa kinesisk matkultur slik han er å finna i Kina, understrekar Aspenes.

Om alt går som Os Næringspark AS og Ween & Zhang håpar, vert den nye restauranten opna ein gong på våren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye kontorlokale innteke

Sidan i fjor haust har bygget vore under total rehabilitering. Denne veka fekk fire nye leigetakarar flytta inn i flett nye oppussa kontorlokale i andre etasje.

- Me er ikkje heilt sikre på korleis me gjer det vidare no, men me reknar med at det vert kontorlokale også i tredje høgda. Deretter byggjer me mest sannsynleg fire-fem leilegheiter på toppen, seier Aspenes.

- Er det gode utsikter for lokalutleige i Os nett no?

- Me opplever god etterspurnad etter ledige næringslokale i Os for tida, avsluttar Aspenes.