Lokale politikarar trur at Fusa står framføre ein vekstperiode snarare enn det motsette.
Lokale politikarar trur at Fusa står framføre ein vekstperiode snarare enn det motsette.

Avsannar dyster profeti

Politikarar på båe sider av fjorden meiner påstandar om at kommunesamanslåinga vil føra til fråflytting i Fusa, er feil. Snarare tvert imot, meiner ordførar Atle Kvåle.

Det var i KS-avisa Kommunal Rapport at påstandane om fråflytting vart sett fram.

- Når to kommunar slår seg saman, vil nokre område måtta tapa. Det er ei endring som styrkjer sentraliseringa i Noreg, uttalte Bjørn-Erik Øye til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han representerer Prognosesenteret som driv med marknadsanalyse, bl.a. knytt til den norske bustadmarknaden. Dei viser til at også prisnivået kan falla i ein slik situasjon.

- Kommunereforma vil ha påverknad på kor det er smart og populært å bu. Ein kan ikkje oppretthalda to sentrum - eitt vil måtta prioriterast. Det vil pressa prisane opp der sentra er, og redusera dei i område som vert fråflytta, meinte Øye.

Trur politiske grep vil hindra fråflytting

Sentrale medlemmer i den lokale styringsgruppa for kommunesamanslåing meiner profetien vil slå feil for Fusa sin del.

- Eg trur ikkje det vil skje. Attraktiviteten Fusa har i dag vil framleis vera der, og det er ei rekkje grep politikarane kan gjera for å prøva å kanalisera veksten som er venta i Os over til Fusa, seier fungerande rådmann i Os, Paul J. Manger.

Korleis areal- og næringspolitikk kan utviklast i fellesskap i den nye kommunen, blir truleg eit tema på det felles kommunestyremøtet om samanslåinga neste veke.

Eit anna moment er at politikarane alt har vedteke at Eikelandsosen skal oppretthaldast som kommunedelsenter, og dessutan at arbeidsplassane skal oppretthaldast. Unntaket er dei funksjonane du berre treng éin av - som t.d. rådmannen og kommunalsjefane.

- Men det er ikkje gitt at rådmannen og kommunalsjefane alle skal sitja på Osøyro, seier Manger.

Tenester og arbeidsplassar hindrar

Helge Steinum (Ap) er ein av dei som sit i styringsgruppa frå Os si side. Han deler Manger sitt syn på Fusa som framleis attraktiv.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fusa har vært veldig flinke til å skapa eigne arbeidsplassar og folk vil helst bu i nærleiken av der dei jobbar, seier han.

- Er det noko du ser ein kan gjera for å unngå at Fusa blir ei bakevje?

- Me må syta for at tenestene vert verande der folk bur, og at det blir lagt til rette for eit framleis blømande næringsliv på båe sider av fjorden. Me må også prøva og kanalisera veksten frå Os over til Fusa ved å byggja bru over Fusafjorden. Men i første omgang bør me jobba for fleire ferjeavgangar mellom Hatvik og Venjaneset, seier Steinum.

Han legg til at bustadpolitikk så langt ikkje har vore noko tema i forhandlingane mellom kommunane. Det er tidleg i samanslåingsfasen enno, og dessutan ser ein ikkje fråflytting som noko trugsmål.

Trur Fusa står framføre stor vekst

Ordførar Atle Kvåle stør synspunkta til både Manger og Steinum. Han viser til at næringslivet står svært sterkt.

- Me har ei rekkje næringsklynger mange stader i kommunen. Til dømes på Venjaneset, Eikelandsosen, Nordtveitgrend, Strandvik, Sævareid og Holmefjord. I tillegg har me oppdrettsnæringa der alle firmaa er på lokale hender. At næringslivet er så dønn solid, talar for at folk framleis vil bu her, seier han.

- Fusa kommune har jo hatt eit stabilt folketal dei siste åra. Trur du de står framfor ein vekstperiode som følgje av samanslåinga?

- Ja, det har eg forventningar om. Det trykket som er på areal i Os vil gjera at mange vil kasta augene på Fusa. Dei grøne lungene er under press i Os, og du vil etter kvart nå ei grense for kor mykje utbygging kommunen kan tola. Dei som er i etableringsfasen vil dessutan kunna få ein heilt annan type bustad her, enn kva dei fleste vil ha råd til i Os, seier Kvåle

Artikkelen held fram under annonsen.

- Os kan læra mykje av Fusa

Atle Kvåle er tydeleg på at den nye samanslåtte kommunen må tala med ei røyst i infrastruktur-spørsmål.

- Når det gjeld dei nasjonale transportårene, må me stå saman om kva som er til beste for bjørnefjordskommunen. Bergen by sig sørover, og då er det viktig at me gjennom gode infrastrukturprosjekt syter for at fusageografien får ta del i den komande veksten, seier Kvåle.

Han legg til at han ser poenget med at denne reforma mange stader vil ta form av ei sentraliseringsreform, men er ikkje uroa for den tematikken lokalt.

- Me skal byggja ein heilt ny kommune. Det er eit veldig spanande arbeid som eg ser lyst på. Me skal jobba for at både bu- og næringsareal blir utvikla på ein slik måte at det blir til beste for Bjørnefjorden kommune.

Han viser til at Fusa ikkje er nokon mindreverdig part i samarbeidet.

- Fusa har mykje å bidra med inn i samarbeidet. I Os manglar ein djupvasskai - det har me i Fusa. Me i Fusa er dei beste i Hordaland kva gjeld skuleresultat. Det handlar ikkje berre om pengar, men om korleis me har rigga oss. Der kan også Os læra noko av oss, seier ordføraren.