Badeperla inst i fjordarmen

Det er ikkje berre Marthe Samnøen (17) og Benedicte Solberg Sværen (18) som kosar seg i Hagafjøra i Eikelandsosen. - Dette er ein samlingsplass for mange, fortel Marthe.

Då dei var yngre var det å fanga krabbar i steinane eller på den fine sandstranda som talde, men no som dei er blitt ungdomar, er det andre ting som tel.

- Her plar vi å samla oss ein gjeng, og vera sosiale, og gjerne for å grilla. Vi solar oss også. Det må til, seier Marthe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei er sjeldan at dei får stranda for seg sjølve.

- Det plar vera mykje folk her både på dagtid og på kvelden.

Må reisa bort på ferie

Jentene er glade i kommmunen dei har vakse opp i, og synest Fusa er ein fin kommune. Men sjølv om det finst fleire andre badeperlar i kommunen, er det i Hagafjøra dei held seg.

- Det er kort veg for meg. Fem minutt med bil så er eg på stranda, seier Marthe.

Fint er det i Fusa, men ikkje så fint at jentene let vera å reisa på ferie.

- Sjølv om det er fint her, vil eg helst litt lengre vekk, og få ein skikkeleg ferie, seier Marthe og smiler.

Lun badefjøre

Hagafjøra i Eikelandsosen er ei vestvendt og lun badefjøre med mindre holmar like ved. Baderampe for rørslehemma. Bord, benk og fast grill. Eigen parkeringsplass og handicaptilpassa toalett. Hagafjøra ligg med lett tilkomst frå riksvegen, og det er gangveg fram til fjøra.