Suverene vinnarar av juleturneringa i år blei Tor Bakke (til venstre) og Christian Bakke. Her frå premieutdelinga saman med Linda Rasmussen frå arrangørklubben.
Suverene vinnarar av juleturneringa i år blei Tor Bakke (til venstre) og Christian Bakke. Her frå premieutdelinga saman med Linda Rasmussen frå arrangørklubben.

Bakke Bakke best

Tradisjonen tru arrangerte Os Bridgeklubb juleturnering i romjula. Turneringa blei i år spelt søndag 27. desember, og samla bridgespelarar frå heile Vestlandet.

Turneringa var fullteikna lenge før jul, og det var venteliste for å koma med mellom dei 36 para vi har plass til.

Alt tidleg i turneringa gjekk Tor og Christian Bakke (far og son) til tet. Ikkje noko stor overrasking for dei som fylgjer bridge det; Christian speler fast på det norske u21-landslaget medan Tor speler på det norske veteranlandslaget, som for kort tid sidan spelte seg fram til kvartfinale under VM for veteranlag i Chennai.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tor og Christian held koken heil til mål og vann turneringa heilt overlegent. Nærast på resultatlista kom eit anna kjent Bergen Akademiske-par; brørne Arild og Jonny Rasmussen. Tredjeplassen gjekk til Trond Are Nitter og Rune Wichmann Haldorsen frå Rubbestadneset BK.

Mellom osingane blei Stig Gamlemshaug best. Saman med makker Roger Træet frå Kopervik BK blei dei nummer 5.

Lyst å vera med til neste år? Klubben arrangerer kurs for ungdom i februar. Info kjem.

Fullt hus også i år. Ved bordet nærast sit (frå venstre) Sigurd Østerbøvik, Morten Haugen, Jim Høyland og Roald Mjøs (med ryggen til).
Fullt hus også i år. Ved bordet nærast sit (frå venstre) Sigurd Østerbøvik, Morten Haugen, Jim Høyland og Roald Mjøs (med ryggen til).
Toppoppgjer. Jonny Rasmussen (til venstre) blei saman med bror Arild nummer to. Christian Bakke (til høgre) vann turneringa saman med far Tor.
Toppoppgjer. Jonny Rasmussen (til venstre) blei saman med bror Arild nummer to. Christian Bakke (til høgre) vann turneringa saman med far Tor.
Anders Dale frå Melandsknekten til høgre. Morten Haugen, Samnanger BK med caps.
Anders Dale frå Melandsknekten til høgre. Morten Haugen, Samnanger BK med caps.

Leif Juvik

Os BK

Resultatliste (Plass, namn, klubb score)

1. Christian Bakke - Tor Bakke, Bergen Akademiske BK, 66,0

2. Arild Rasmussen - Jonny Rasmussen, Bergen Akademiske BK - BK Grand, 61,1

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Trond Are Nitter - Rune Wichmann Haldorsen, Rubbestadneset BK, 60,4

4. Audun Gustavsen - Liv Bugge, Bergen Akademiske BK, 59,7

5 .Roger Træet - Stig Gamlemshaug, Kopervik BK - Os BK, 58,3

6. Anders Johansson - Rune Fagerbakke, Os BK - Austevoll BK, 58,0

7. Tor Anders Hauge - Frode Dyrstad, Os BK, 56,4

8. Laila E.R. Årland - Ole Årland, Austevoll BK, 56,4

9. Bjarte Midttveit - Anders Dale, Bergen Akademiske BK - Melandsknekten BK, 56,3

9. Erik Eriksen - Frank Ove Sandvik, Åsane BK, 56,3

Artikkelen held fram under annonsen.

11. Birger Pedersen - Lars Rydland, Kopervik BK, 55,7

12. Lisbeth K. Glærum - Atle Seim, Åsane BK - Bergen Akademiske BK, 54,7

12. Svein Christian Johannessen - Kurt Eugen von Obstfelder, Bergen Akademiske BK, 54,7

14. Sigurd Østebøvik - Jim Høyland, Kopervik BK - Bergen Akademiske BK, 54,3

15. Inge Kvarven - Atle Kvarven, Rubbestadneset BK, 53,6

16. Stine Holmøy - Sven-Olai Høyland, Fosnavåg BK - Bergen Akademiske BK,53,2

17. Finn Fyllingslid - Geir Johannesen, Bergen Akademiske BK, 51,5

18. Ole Magnar Nordvik - Ove Gåsdal, Samnanger BK, 51,3

Artikkelen held fram under annonsen.

19. Dagfinn Andreassen - Rolf Selbak, Bergen Akademiske BK, 49,6

20. Magne Eide - Margot S. Alfheim, Bergen Akademiske BK - Åsane BK, 49,4

21. Kåre Perry Solibakke - Per Skotheim, Os BK, 48,5

22. Bjørn Olav Ekren - Kjell Gaute Fyrun, Sunndalsøra BK - Lillehammer BK, 48,2

23. Morten Haugen - Roald Mjøs, Samnanger BK, 48,2

24. Rigmor Kleppevik - Øystein R. Kleppevik, Sotra BK, 47,8

24. Bent Clemmensen - Bård Midtbø, Bergen Akademiske BK, 47,8

26. Morten Eide - Roar Hatløy, Åsane BK, 46,3

Artikkelen held fram under annonsen.

27. Jorunn Folkedal - Jan Grov, Rubbestadneset BK, 46,2

28. Joleiv Midttveit - Jørn Rekkum, Os BK, 45,1

29. Bjørn Hauge - Thea Hove Hauge, Os BK, 44,7

30. Elisabeth Østrem Over - Wenche Torgersen Nyborg, Os BK, 43,3

31. Øyvind Fedøy - Robin Jarnes, Austevoll BK, 42,9

32. Elisabeth Eikeland - Jan Erik Alm Bendiksen, Åsane BK - Kvinnherad BK, 41,7

33. Tobias Kleiveland - Morten Angell, Osterøy BK, 37,3

34. Kate Fauskanger - Linda Rasmussen, Bergen Akademiske BK - Os BK, 33,9

Artikkelen held fram under annonsen.

35. Bjørn Egil Almaas - Anders Olsen, Rubbestadneset BK, 33,5

36. Bjarte Sivertsen - Berit Grimstad, Bergen Akademiske BK, 27,8