Konstituert leiar for barnevernstenesta, Linda Hevrøy, orienterte politikarane i tenesteutvalet.
Konstituert leiar for barnevernstenesta, Linda Hevrøy, orienterte politikarane i tenesteutvalet.

Barnevernet: Frå 14 til 61 alvorlege meldingar

Talet meldingar som handlar om mistenkte seksuelle overgrep og vald mot born, eller mot forelder, skyt i vêret i Os.

Konstituert leiar for barnevernstenesta, Linda Hevrøy, la fram tala for tenesteutvalet denne veka.

- Medan me i fjor hadde 14 alvorlege meldingar, har me så langt i år hatt 61 alvorlege meldingar. Me jobbar difor veldig mykje med akutte saker. Forskinga seier at når eit barn er vitne til vald i heimen, er det like skadeleg som om dei vert utsette for vald sjølve, sa Hevrøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire foreldre kranglar

Mykje heng saman med ein vekst i talet foreldrekonfliktar .

- Foreldre kranglar mykje, og då særleg om økonomi. I tilfelle der dei har delt foreldreansvar, må barnevernet gjera doble undersøkingar. For desse foreldra er så usamde at dei ikkje greier å møtast i same rom, forklarte Hevrøy.

Rus og pyskisk helse er ofte ein del av biletet som møter barnevernet.

Samtidig er det også ein generell vekst i saker. Det ligg an til å bli 25 prosent fleire meldingar i 2015 enn året før. Hevrøy var difor svært glad for at rådmannen har sett av midlar til to nye stillingar.

Forklaring på brukarundersøkinga

Ei brukarundersøking utført i år blant dei som treng hjelp frå barnevernet har gjeve ein noko dårlegare skår enn kva som var tilfelle ved førre undersøking. I sist kommunestyremøte uttrykte enkelte politikarar at dei ikkje var nøgd mede resultata. Men Hevrøy hadde ei forklaring på kvifor dei i enkelte tilfelle skåra midt på treet.

- Svara me fekk fordelte seg veldig tydeleg i to motpolar. Ein gjeng som gav oss karakteren 1 og 2 og andre gav oss karakteren 5 og 6. Ved sist brukarundersøking valde ein å vera veldig selektiv med kven ein ville ha svar frå - men denne gongen gav me alle ein sjanse til å svara, sa Hevrøy.

Ho la til at dei få gongene dei har fått inn klage på dårleg arbeid, har ikkje desse fått medhald av Fylkesmannen.