Bilulukke på Nordvik

Ein bil som kom frå Lysefjorden har kollidert med ein annan bil i Nordvik. Store materielle skadar, men berre mindre personskadar.

Klokka 8.10 i dag tidleg fekk politiet melding om at to personar i kvar sin bil var involvert i ei trafikkulukke på Fanasida av Nordvik. Den eine bilen kom frå Os. Ein av bilane hamna i motgåande køyrefelt, og det vart nesten frontkollisjon. Naudetatane rykte ut, og amulanse gav hjelp på staden til ein mann i slutten av 60-åra og ei kvinne midt i 20-åra.

- Den eine personen klaga over smerter og vart køyrt til legevakt, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnor frå Bergen Sør Politidistrikt.