Bjørnafjorden - fjord og kommune

Det er all grunn til å visa respekt for tradisjon og kultur, slik at fjorden får sitt rette namn, skriv Terje Vindenes.

I samband med forhandlingar om samanslåing av kommunane rundt Bjørnafjorden, har prosjektet fått nemninga Bjørnefjorden. I denne samanhengen har det kome opp debatt om namnet på fjorden, og på ein eventuell ny kommune.

Les også:Bør det vera Bjørnafjorden eller Bjørnefjorden?

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden er fjorden frå Tysnes i sør - til Hatvik i nord, og frå Baldersheim (Baldesê) i aust - mot Austevoll i vest. Det er den karakteristiske fjellformasjonen Bjørnen, eller Bjørnatrynet, som har gjeve namn til fjorden. Før ferdafolk hadde kart, var det ei rekke seglingsmerke som gjorde at dei tok seg fram i leia, og Bjørnen er eit seglingsmerke som ein ser frå Luksund i aust til Vengjaneset i nord.

Folk som har levd langs strendene til denne fjorden går ikkje ned til sjøen, men dei går til sjødn, eller om dei går til fjells, så er dei på fjedle. Få har sett ein bjørn, men alle (adle) veit om Bjø:dñ, eller Bjødnatrynet. Dialekten i området har segmentering og differensiasjon, og då vert namnet av fonetiske grunnar Bjødnafjorden, og ikkje Bjødnæfjorden. Statens kartverk brukar Bjørnafjorden, då på grunn av dialekten i området. Det er all grunn til å visa respekt for tradisjon og kultur, slik at fjorden får sitt rette namn. Det er klart det er folk som uttalar namnet med e, bergensarar gjer det ofte, men nett det er ikkje nokon grunn til ikkje å skriva namnet rett, korkje for media eller for offentlege etatar.

Når det gjeld namnet på ein eventuell ny kommune, ville Bjørnafjorden vera eit godt val. Det ville òg vera klokt, for folk rundt fjorden vil lettare knyta identitet opp til eit namn dei kjenner.

Terje Vindenes