Endre Vik Larsen, som tok fatt på jobben med å starta bogeskyttarklubb i Os, gler seg over at osingar no får eit tilbod i lag med fanabuarar.
Endre Vik Larsen, som tok fatt på jobben med å starta bogeskyttarklubb i Os, gler seg over at osingar no får eit tilbod i lag med fanabuarar.

Bogeskyttarklubben er eit faktum

Endre Vik Larsen gjekk tidligare i år i bresjen for ein bogeskyttarklubb for osingar. No er klubben ein realitet, som eit samarbeid med skyttarar i Fana.

Sjølv er Larsen flytta frå kommunen, men andre initiativtakarar har jobba vidare med ideen, som no er blitt ein bogeskyttarklubb. Larsen som no bur i Stavanger, er glad for at klubben er stifta, jamvel om han sjølv ikkje får ta del i han.

- Det er heilt fantastisk at dei har fått det til. Det var jo dette eg ønskte, og jobba for, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vik Larsen fortel vidare at det er Kjerstin og Viktor Hoff som har jobba vidare med å gjera klubben til ein realitet.

- Dei har gjort ein god jobb med å starta klubben, og har til og med skaffa klubben sin eigen utandørsbane. Eg kjem ikkje til å vera ein del av klubben sidan eg har flytta, men min bror, Andreas, er med, seier Vik Larsen.

Blanding av erfarne og nybyrjarar

Klubben har fått namnet Fana Bueskytterklubb, då det er ein aktivitet for både fanabuarar og osingar.

- Det blei gjort eit forsøk på å lokal klubbstart i Os, som ikkje nådde heilt fram. Med hjelp frå skyttarar frå Fana-området, er no klubben blitt ein realitet, seier Solveig Lilletvedt i Fana Bueskytterklubb, som også er eigar av banen.

Medlemene er ein blanding av erfarne bogeskyttarar med bakgrunn frå Bergen Bueskyttere, og ein del ferskingar.

Arrangerer open dag

I helga vil klubben arrangera open dag på banen på Kalandseid.

- Då kan dei som vil få prøva å skyta med recurverboger, som er den mest vanlege av dei tre bogane som er godkjende for internasjonal konkurranse. Det vert også demonstrasjon av bogetypane tradisjonell og compuond, seier Lilletvedt, som håpar på godt oppmøte i helga.

- Det hadde vore veldig kjekt med fleire medlemer frå Os. Aktiviteten er tilgjengeleg for både voksne og born ned til 10 år i Os og Fana.