Planane om ein lokalmatmarknad midt på Osøyro, som vart presenterte for formannskapet tysdag, er særs godt nytt.
Planane om ein lokalmatmarknad midt på Osøyro, som vart presenterte for formannskapet tysdag, er særs godt nytt.

Bondens dag kvar dag

Eit utsal med lokale matvarer er ikkje berre glimrande for matmonsane blant oss. Kanskje like viktig er signalet det sender om at vi faktisk vil ha jordbruk i denne bygda.

Fårikål er Noregs nasjonalrett; men kva er "nasjonalretten" i Os? Pizza, vil kanskje vittige tunger hevda, men det er heldigvis ikkje den fulle sanninga.

Lokalt på godt og vondt

Os og nabokommunane har eit vell av spennande mat og mattradisjonar: Villsau frå Bø her i bygda, ost frå Myrdal gard på Tysnes og løvetannsirup frå Eikhaugen gard i Fusa, for å nemna noko. Utvalet er rikhaldig, men desse produkta har vore lokale i ordets beste og verste forstand. Det blir ikkje skikkeleg fart i handelen når godsakene stort sett berre er å få tak i på perifere gardsutsal og ein og annan marknadsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rein og skjer MDG-politikk

Difor er planane om ein lokalmatmarknad midt på Osøyro, som vart presenterte for formannskapet tysdag, særs godt nytt. Vi i Miljøpartiet Dei Grøne Os er også nøgde. Eit slikt tiltak er omtala fleire plassar i det lokale MDG-programmet, så dette er verkeleggjering av politikken vår. Vi vil utvikla livskraftige lokalsamfunn basert på lokale ressursar. Ressursar som ligg rett utanfor stovedøra vår: beitemarker og blomsterenger, for ikkje å snakka om dei som veit å bruka dei; bonden, kokken og restauranteigaren. Og tenk om vi i tillegg kunne få til det dei har krangla om i Bergen årevis; eit reelt fisketorg der lokale fiskarar får levera fangstane sine direkte.

Oppdragande effekt

Eit lokalt matutsal er ein lekk i ei større verdikjede. Det blir ikkje noko utsal utan gode matvarer, og vi får ikkje gode matvarer utan ein gjennomtenkt jordbrukspolitikk. Derfor trur vi at eit slikt utsal kan virka oppdragande på dei som styrer i Os. Det blir langt meir synleg kven dei er; bøndene og dei andre som syter for at det kjem kjøt, ferske egg og ysta ost i hyllene. Vonleg skaper det større forståing for at det også er eit politisk ansvar å leggja til rette for at det faktisk kan drivast jordbruk her i bygda. Då må vi driva systematisk og forpliktande matjordvern, ta vare på mest mogleg samanhengande landbruksareal og auka bruken av utmark.

Lokal verdiskaping

Satsing på kortreist mat skaper også kortreiste arbeidsplassar. Pendlarar har vi nok av i kommunen - det er viktig at fleire har arbeid i gang- eller sykkelavstand frå heimen. Leverandørar, betening, marknadsførarar - dei trengst for å få til eit vellukka utsal.

Ringverknadene til reiselivsnæringa er store. Dagens turistar er ute etter unike opplevingar - også når det gjeld mat, og stadig fleire vil vita på ein prikk kvar maten kjem frå og at produksjonen er berekraftig. Så har du og eg og kvar av oss eit ansvar for å bruka tilbodet. Ingen får løn av gode intensjonar, den kjem først når innbyggjarane handlar lokalmat - ikkje berre til jul og påske, men også i kvardagane - som det som kjent er flest av.

Miljøpartiet dei grøne i Os helsar eit lokalmattorg hjarteleg velkomen, og skal samstundes arbeida vidare for god areal- og landbrukspolitikk i Os.

Marie Hauge

Nils-Anders Nøttseter

Miljøpartiet Dei Grøne, Os