Trine Bjørkhaug Dyke, Fredrik Kristiansen, Marion Sjurseth, Ina Nyland og Linn Frøkedal Røen.
Trine Bjørkhaug Dyke, Fredrik Kristiansen, Marion Sjurseth, Ina Nyland og Linn Frøkedal Røen.

Byggjer ut for å ta unna for kundestraumen

Kiwi-butikken på Moberg er blant kjedas mestomsetjande på Vestlandet. No utvidar dei både butikken og parkeringa.

Sidan butikken opna i 2010 har kundestraumen berre auka på. Det er ikkje lenge til butikken omset for 100 millionar i året. Med det er dei blant dei beste Kiwi-butikkane på Vestlandet.

- Det tvingar seg nesten fram at me no utvider. Både for å få litt større butikk, og ikkje minst for å få lagt til rette for fleire parkeringsplassar, seier reigonssjef Vest, Jan Olav Mjøs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Doblar parkeringstilbodet

Utbyggingsarbeidet starta i sommar og er venta å vera heilt ferdig ein gong ut i februar.

- For ein butikk som går såpass bra vil det fort bli utfordringar med parkering. No byggjer me ut parkeringsplassen og får plass til i overkant av 30 bilar til. Dermed vil det totalt vera parkering for litt over 70 bilar, fortel Mjøs.

Når det gjeld butikken, så vert den utvida med kring 300 kvadratmeter.

For litt sidan kjøpte Kiwi-kjeda tomten bak Kiwien på Moberg. Området vert no brukt til ny parkeringsplass. Til venstre ser ein der butikken etter kvart skal utvidast med vel 200 kvm.
For litt sidan kjøpte Kiwi-kjeda tomten bak Kiwien på Moberg. Området vert no brukt til ny parkeringsplass. Til venstre ser ein der butikken etter kvart skal utvidast med vel 200 kvm.

- Det vil i praksis seia at me utvidar med 30 prosent i høve til dagens areal. Totalt vil heile butikken få eit løft og framstå som meir funksjonell og moderne, når arbeidet er ferdig, seier Mjøs.

I samband med utbygginga skal butikken også byta ut alt av kjøle- og fryseinnreiing og heile maskinparken for dette.

- Ved å byta kjølemedium frå freon til CO2, vert butikken også meir miljøvenleg, seier Mjøs.

Ny ferskvaredisk

Dagleg leiar Trine Bjørkhaug Dyke gler seg til nyopninga på nyåret.

- Det blir kjempemoro å få litt større butikk. Det gjev oss høve til å få inn ei heilt ny grønnsaksavdeling og ein eigen ferskvaredisk. I tillegg vil utvidinga gje oss generelt meir hylleplass. Totalt vert butikken på 1.300 kvm, seier Bjørkhaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Gjengen på Moberg gjer ein kjempejobb. Både dei og kundane fortener denne omfattande fornyinga, konstaterer Mjøs.