Dagens hjartesukk

Ta med hundeposar og legg skiten opp i desse, ta dei med heim og kast dei i eige boss, er den klare oppmodinga frå grunneigar Torbjørn Tøsdal.

For nokre dager sidan slo eg graset langs vegen fra parkeringsplassen på Tøsdal og oppover mot brua over elva. Då eg i dag skulle samla saman graset og køyra det vekk, fann eg massevis av hundeskit langs vegen.

Her freistar ein å få det til å sjå fint ut langs vegen, og så er det dette som møter ein. Her går det både vaksne og born som lett kan trø opp i dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så mi bøn til hundeeigarar: Ta med hundeposar og legg skiten opp i desse, ta dei med heim og kast dei i eige boss.

Torbjørn Tøsdal

Grunneigar