Lat folket få seia meininga si

Samd eller usamd i samanslåing - det gjev ikkje meining å avslutta prosessen no. Kommunestyret i Fusa bør gå inn for å senda intensjonsavtalen ut på høyring.

I den symboltunge månaden mai skal kommunestyret både i Os, Tysnes og Fusa ta stilling til om samanslåing-avtalen skal ut på høyring. Det bør politikarane gå samrøystes inn for. Elles får ikkje den vanlege innbyggjaren koma med sitt syn i det som truleg er hundreårets viktigaste lokalpolitiske sak.

Den siste veka har bydd på ein lokalpolitisk thriller av dei sjeldne. Veka tok til med at representantar frå dei tre nabokommunane Fusa, Tysnes og Os kom i hamn med eit forslag til intensjonsavtale om samanslåing. Bjørnefjorden kommune var fødd på papiret. Men så braut kaoset laus.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Seint onsdag kveld gjekk Atle Kvåle ut i «Os og Fusa-posten» med melding om at samanslåing ikkje er eit alternativ likevel. Ap og Sp hadde snakka i lag og funne ut at dei delte syn. Kvåle kunne difor konkludera med at han hadde fleirtal både i styringsgruppa som skulle behandla saka fredag, og i kommunestyret som får saka på sitt bord 18. mai. Reaksjonane hagla inn frå både Fusa og Os. Enkelte spekulerte i om Kvåle kan ha fått beskjed frå høgare oppe i Arbeidarparti-systemet. Kan neste års stortingsval og eit ønske om regjeringsskifte ha spelt inn? Andre lurte på om han berre ønskte å ta æra for å ha "redda Fusa" frå overtaking.

 

Sterkast av alle reagerte ordføraren i Os, Terje Søviknes. Han brukte ord som "sjokk" og "tillitsbrot" og sa at Fusa var eit konkursbu som kunne ha det så godt. Sett i lys av ordførarens påstand om at Os trass alt klarer seg godt utan å måtta rydda opp i fusaøkonomien, kan ein lura litt på kvifor han reagerte så sterkt. Søviknes si eiga forklaring var at ordførarar må kunna stola på kvarandre, og at hans reaksjon mest gjekk på det personlege planet. Men kva om det stikk djupare? Kanskje tanken om Bjørnefjorden kommune har teke til å modna seg i ordførarens tanke? Då ordføraren vart utfordra på dette punktet i ein lang facebook-tråd svarte han: "Inga tvil om at Fusa ville blitt ein økonomisk byrde for Os, men me var villige til å ta den fordi Fusa ikkje kan klara seg åleine i framtida. Bjørnefjorden kommune kunne på sikt blitt ein slagkraftig kommune - rett nok etter tøffe omstillingar".

 

Fredag fekk Atle Kvåle knappast mogleg fleirtal for å gje negativ innstilling til kommunestyret si behandling av intensjonsavtalen neste veke. Margunn Samnøy (Sp) sitt argument var at det ikkje vil gje betre tenester for fusingane å slå seg saman med nabokommunane. Dei tøffe omstillingane vil nødvendigvis merkast mest i den kommunen som må stramma inn livreima mest etter samanslåinga. Samtidig er det eit spørsmål om ikkje livreima må strammast inn vel så mykje om ein blir ståande åleine. Utan ekstramidlane som nye Bjørnefjorden kommune trass alt vil få frå staten.

 

Spørsmålet om samanslåing er omfattande, og Atle Kvåle har rett i at tida har vore vel kort i ei så viktig sak. Konsekvensane ved samanslåing har i beste fall vore uklåre, og er det til dels enno. Likevel meiner me at også Fusa kommune bør stå løpet ut i den prosessen som er lagt opp fram til endeleg kommunestyrevedtak i juni. Det er trass alt då kommmunestyret skal seia ja eller nei. Kommunestyret 18. mai skal berre ta stilling til om intensjonsavtalen kan leggjast ut på høyring. Og det bør kommunestyret gjera. Viss ikkje, tek dei vekk den einaste sjansen me har til å få vita kva den vanlege fusingen meiner om dette - gjennom meiningsmålinga. Folket bør få seia si meining. Berre slik kan politikarane med rak rygg fatta eit endeleg vedtak.