annonse

Osfest 2016: Ei viktig erfaring rikare

:

I spissinga av den musikalske profilen til Osfest, blir det viktig å dra nytte av erfaringane frå i år.

Jostein Halland

LEIAR: Osfest har alle føresetnader for å bli ein av Vestlandets største og finaste festivalar. På berre tre år er svært mykje av det som krevst allereie på plass.

Festivalen har ein tilsynelatande straumlinjeforma infrastruktur på sceneområdet, ein imponerande rigg og ein stor og oppofrande gjeng med frivillige. Kommunen er med på laget. Det same er næringslivet.

Å henta Marcus og Martinus i år var innertiar og resulterte i historias største konsert i Os. Avviklinga gjekk knirkefritt. Marknadsdagane på Os vart ein ubetinga suksess.

Den musikalske kvaliteten på årets artistar var god. CVen til headlinerane var imponerande.

På scenen stod både Grammy-vinnar Susanne Vega, Crowded House-legenden Neil Finn og Genesis-gitarist Mike Rutherford og hans «Mike & The Mechanics».

Men, skal Osfest få ut sitt fulle potensial, må publikum lokkast til konsertane i endå større grad enn tilfellet var i år.

I utforminga av den musikalske profilen til festivalen i åra som kjem, blir erfaringane frå i år viktige. I år var det mange potensielle festivalgjengarar som ikkje fann årets headlinerar interessante nok.

Det vart etterlyst meir lokale artistar, artistar med breiare appell og fleire artistar for ungdom og som er "meir i tida". Aldersgruppa frå 20-35 år - som innehar svært mange potensielle festivalgjengarar - var kanskje dei som fann færrast artistar for si aldersgruppe. Her ligg det eit uforløyst potensiale.

Eit stykke på veg kan ein argumentera for at osingane bør/må sjå eigenverdien av at dei kjøper billett sjølv om ikkje artistrekka er innertier for ein sjølv. Dette fordi ein på den måten bidrar til sjølve livsgrunnlaget for festivalen, noko som kjem 'alle' til gode. I ein oppstartsfase er kanskje dette argumentet endå sterkare. Det tek tid å byggja opp ein festival som kan trekkja til seg fleire aktuelle artistar, og det tek tid - i lag med publikum - å finna forma som fungerer i Os, noko som treffer breitt nok utan å verta for kjedeleg og A4.

Ein kan uansett ikkje forventa at det store fleirtalet i det lange løp skal betala for dagspass/festivalpass, 'berre' for å støtta festivalen, sjølv om 'goodwillen' og ønska for festivalen er aldri så gode. Alle innspela og alle tilbakemeldingane er teikn på at folk ynskjer å ta del i festivalen og ser verdien av denne, men då må det fleirtalet finna artistar på programmet som lokkar dei nok.

Kva artistar er så dette? Det er alltid "farleg" å gå ut og oppmoda om innspel til artistar, for du kan fort enda opp med like mange ulike svar som det er musikkglade osingar. Og kanskje vil nokre av innspela vera totalt irrelevante grunna pris og timeplanen til artisten. Men dette kan ha noko for seg. Nokre hovudtrekk vil ein kunna lesa, og ein kjem i dialog med publikum.

Historisk sett har band som Hellbillies, Vassendgutane, De Lillos, Kurt Nilsen og Dumdum Boys treft breitt i Os. Tilført i denne gata trengst det fleire namn spesifikt retta mot den yngre garde. Tysnesfest hadde suksess med Karpe Diem og Sondre Justad. Samstundes ynskjer ein å bringa noko nytt til bordet, i form av artistar som ikkje er på "alle" andre festivalar, og som ikkje har vore her fleire gonger før. Dette får ein rom til dersom ein har nokre sikre publikumsvinnarar i botn.

Fleire konsertstader (kyrkja, Oseana, Vognhallen) kan opna for å tilpassa formatet til artisten og opna for kjøp av billettar til enkeltkonsertar, dersom ikkje programmet på hovudscenen appellerer nok til å kjøpa dags- eller helgepass. Sigvart Dagsland i kyrkja og Vamp på "flatt golv" i Oseana kunne fungert godt. Jazzkonserten som Oseana baud på i år var godt besøkt.

På veg mot den "ultimate profilen" som treffer endå breiare og fleire aldersgrupper, er det uansett viktig å ikkje kvela det store engasjementet som er kring Osfest og som ein er totalt avhengig av for at festivalen skal halda fram.

Osfest skaper engasjement og lokal identitet. Festivalen bidrar til auka aktivitet for handel og næring. Arrangementet skaper positiv merksemd kring bygda og syt for Liv på Øyro.

Jostein Halland

Redaktør

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut