annonse

Lesarbrev: Produksjonskjøken i Bjørnafjorden kommune

Sjå på moglegheita
Sjå på moglegheita: - Os Høgre (saman med FrP og V) bestilte gjennom budsjettet for 2019 ei utgreiing av potensial for eiga kjøken- og restaurantdrift ved Luranetunet, samstundes som ein òg skal sjå på moglegheita for utvida samarbeid med kjøkenet ved Fusa bu- og behandlingssenter. (Foto: Privat)

– Vi hyllar regjeringa vår som no løyver inntil 50 prosent av investeringskostnaden ved etablering av institusjonskjøken. Ei tilskotsordning som vil vera svært kjærkommen med tanke på investeringstrykket for Bjørnafjorden kommune, skriv Bjørnafjorden Høgre i dette lesarbrevet.

Benjamin Søgnen Olsen

I Os kommune har ein hatt ein diskusjon gåande om behovet for eit eige kjøken på Luranetunet, som skal produsera mat til institusjonen.

I Fusa kommune har ein i dag eit eige produksjonskjøken som er lokalisert på Fusa bu- og behandlingssenter. (FBBS)

Kjøkenet leverer til heimebuande, også til ein del i Os, og er kjent for sin velsmakande og appetittvekkjande mat.

Nyttig innføring

I fellesmøte mellom Senior og funksjonsrådet i Fusa, Os eldreråd og Os sitt råd for menneske med nedsett funksjonsevne måndag 27. mai fekk medlemmene ei svært nyttig innføring i tema knytt til produksjon og tilbereding av mat.

Produksjonen i dag, går føre seg etter ein moderne kok/kjøl metode som gjev eit svært velsmakande og næringsrikt sluttprodukt.

Fleire misoppfatningar kring matlaging vart avdekkja, og det vart mellom anna opplyst at matlukta som vi alle veit er viktig, ikkje kjem frå eit moderne produksjonskjøken. I eit produksjonslokale skal det lukta minst mogeleg.

Matlukta kjem først når maten vert tilberedt på eit sluttkjøken. Dette kom også tydeleg fram då fellesmøte fekk servert mat frå produksjonskjøkenet i Eikelandsosen. Matlukta spreidde seg i heile møtelokalet og vidare ut i gangen, og var verkeleg ein appetittvekkjar.

Vidare vart det framheva kor avgjerande viktig det er at dei som skal tilbereda maten før den vert servert, får god nok opplæring.

Asvo-samarbeid?

Os Høgre har ikkje så langt støtta opp om eit forslag om å byggja produksjonskjøken på Luranetunet. Partiet har derimot ynskt å avventa det heile til Bjørnafjorden kommune er etablert, for så å sjå på kva løysing som vil vera den beste.

Os Høgre (saman med FrP og V) bestilte gjennom budsjettet for 2019 ei utgreiing av potensial for eiga kjøken- og restaurantdrift ved Luranetunet, samstundes som ein òg skal sjå på moglegheita for utvida samarbeid med kjøkenet ved Fusa bu- og behandlingssenter. Auka matleveranse frå kjøkenet ved FBBS, vil kunna gje fleire arbeidsplassar i Eikelandsosen. Utkøyringa kan gjerne, som i dag, gjerast i samarbeid med ASVO- bedriftene våre, og på den måten også gje ein meirverdi.

Glad for vedtak som er fatta

Vi hyllar regjeringa vår som no løyver inntil 50 prosent av investeringskostnaden ved etablering av institusjonskjøken. Ei tilskotsordning som vil vera svært kjærkommen med tanke på investeringstrykket for Bjørnafjorden kommune. I Høgre er vi glad for vedtak vi har gjort i saka fram til no. Vi meiner at ei sak om investering i institusjonskjøken i Bjørnafjorden må finna den beste løysing for den nye kommunen vår.

Med den oppdaterte kunnskapen vi no har fått, mellom anna om eit moderne og framtidsretta produksjonskjøken, og om behovet for kunnskap knytt til tilbereding og servering, er vi trygge på at Høgre sitt standpunkt framleis er det rette.

Bjørnafjorden Høgre

Marie Bruarøy, ordførarkandidat

Aud-May Boge, 2.-kandidat

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut