: - Vi ynskjer at du som vel å stemma borgarleg - på Erna og Høgre ved Stortingsval, også vurderer å stemma Høgre ved kommunevalet no i år, skriv Bjørnafjorden Høgre i dette lesarbrevet.
: - Vi ynskjer at du som vel å stemma borgarleg - på Erna og Høgre ved Stortingsval, også vurderer å stemma Høgre ved kommunevalet no i år, skriv Bjørnafjorden Høgre i dette lesarbrevet.

Lesarbrev: Stem gjerne Høgre i Bjørnafjorden!

Kjerneverdiane våre: Høgre sin ideologi byggjer på fridom, ansvar og mangfald og i Høgre har vi tru på og tillit til enkeltmennesket, skriv Bjørnafjorden Høgre i dette lesarbrevet.

9. september er valdagen for kommune- og fylkestingsvalet. Allereie no er det mogleg å tidleg førehandsrøysta, og førehandsrøysting er noko vi har sett meir av ved tidlegare val. Difor ynskjer vi allereie no å be deg på tenka på kva parti du skal gje di stemme til.

Ved dei to siste Stortingsvala har Høgre fått flest stemmer både i Os og i Fusa. Faktsk så har nær kvar tredje veljar stemt på Erna og Høgre. Valresultatet ved kommunevalet har ikkje vore lika gode for partiet vårt, og det syner at ein har gjerne litt andre preferanser når ein skal avgje si røyst lokalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi ynskjer at du som vel å stemma borgarleg - på Erna og Høgre ved Stortingsval, også vurderer å stemma Høgre ved kommunevalet no i år.

Dette vil vi satsa på

Gjennom ein framoverlent, men samtidig ansvarleg politikk, vil vi den komande valperioden prioritera å få på plass eit godt økonomisk fundament for den nye kommunen. Dette vil vera viktig for å ha eit godt tenestetilbod i heile den nye storkommunen i åra som kjem. Vi må byggja vidare på det som fungerer. Smarte digitale løysingar, effektiv produksjon, samarbeid på tvers og kompetanse er noko av det vi vil satsa på. Kommunebarometeret som nyleg vart publisert plasserer begge kommunar på topp 10 i landet! Høgre vil streba etter framtidige topplasseringar på Kommunebarometeret i åra som kjem òg, gjennom god ressursbruk og langsiktige satsingar.

— Klare til å innta ordførarkontoret igjen

Høgre er eit styringsdyktig parti. I inneværande periode er Høgre ein del av fleirtalet i Fusa, og i Os har vi hatt varaordføraren i Os sidan 1999, forutan 2017 og nesten heile 2018 då Marie Bruarøy var ordførar. Vi har som ambisjon å koma i posisjon etter valet, og vi er klare til å innta ordførarkontoret igjen. Då treng vi at de som deler våre kjerneverdiar, som ser på oss som styringsdyktige, og som stemmer på Høgre ved Stortingsvalet, vel å gje di stemme til Høgre ved kommunevalet i år!

Vi trur på Bjørnafjorden!

Marie Bruarøy, ordførarkandidat

Aud May Boge, 2. kandidat

Bjørnafjorden Høgre