Det kan ikkje vera rett at rike Noreg skal kunna utvinna alle sine fossile ressursar medan andre og fattigare land må la sine ressursar liggja av omsyn til klima, skriv Gunnar Kvåle.
Det kan ikkje vera rett at rike Noreg skal kunna utvinna alle sine fossile ressursar medan andre og fattigare land må la sine ressursar liggja av omsyn til klima, skriv Gunnar Kvåle.

Klimaomsyn må bli styrande for oljepolitikken

Då han vart utnemnd til minisiter, snakka Terje Søviknes om at han var tilhengar av "føre-var"-prinsippet i høve til arbeidet mot klimaendringane. Meiner han framleis dette, må han sørgja for at klimaomsyn bli styrande for energipolitikk og oljeproduksjon, skriv Gunnar Kvåle.

LESARBREV: I Os og Fusaposten skriv olje- og energiminister Terje Søviknes at han i det siste har "blitt kritisert fra flere hold for å peke på at olje- og gassutvinning er en del av løsningen for å få en bærekraftig utvikling" og at han er "fundamentalt uenig i de som hevder det ikke er bærekraftig å fortsette olje og gassutvinning i Norge". Spørsmålet er ikkje å vera samd eller usamd i dette, men kva me veit om kor mykje fossilt brennstoff som det er tilrådeleg å utvinna og brenna i Noreg og gobalt.

Fakta om utslepp og klima

Det såkalla "karbonbudsjettet" for kor mykje fossile brennstoff me kan bruka, vil med dagens produksjon og bruk vera oppbrukt på fire år om ein skal kunna nå målet frå Paris om å unngå meir enn 1,5 grad oppvarming. Det eg mellom anna har kritisert Søviknes for, er det han sa i intervju med Os og Fusaposten under overskrifta «Meir norsk olje er bra i eit klimaperspektiv».

Artikkelen held fram under annonsen.

For å nå måla frå Paris, kan berre ein brøkdel av kjende reservar av kol, olje og gass brennast. Det kan ikkje vera rett at rike Noreg skal kunna utvinna alle sine fossile ressursar medan andre og fattigare land må la sine ressursar liggja av omsyn til klima. Analysar publisert i det kjende tidskriftet «Nature» viser dessutan at det ikkje er plass til olje- og gass frå Arktis om ein skal kunna avgrensa global oppvarming til mindre enn to grader. Klimaforskar Bjørn Samset frå Cicero seier til NRK at "det heng ikkje på greip" når oljebransjen meiner at det ikkje er nokon motsetnad mellom å avgrensa temperaturauken til mindre enn to grader og framleis bruk og utvinning av olje og gass i lang tid framover. Skal ein kunna nå målet om ikkje meir enn 1,5 grad global temperaturauke viser tal frå Det internasjonale energibyrået at alle energirelaterte utslepp må vera null innan 2040.

Kva Paris-avtalen krev

Søviknes skriv at "Paris-avtalen gjør at verden beveger seg i en retning der lavutslippsløsninger vil spille en mye viktigere rolle". Men dette skjer diverre ikkje automatisk. Tiltaka som så langt er lova vil føra til ein temperaturauke på rundt 3 grader, det doble av kva Paris-avtalen krev. Alle land må gjera sitt, både ved å avgrensa oljeutvinninga og innføra tiltak for raske utsleppsreduksjonar. Noreg er blant dei land som gjer minst. Søviknes står i brodden for ein oljepolitikk for å tømma dei fossile reservane me rår over så snart som teknisk mogeleg. Samstundes aukar utsleppa våre. Medan klimagassutsleppa i EU har gått ned med 22% frå 1990 til 2015, har utsleppa i Noreg auka med om lag 4% i same periode.

Norsk produksjon gjev store utslepp

Søviknes tar opp att den feilaktige påstanden om at "utslippene fra norsk sokkel er langt lavere enn tilsvarende produksjon andre steder i verden". Dette har mellom anna vore tilbakevist gjennom brennpunkt-programmet «Oljelobbyisten» på NRK. Utsleppa frå store felt i Saudi-Arabia er mykje lågare, mindre enn ein fjerdedel, av utslepp ved utvinninga frå mange felt på norsk sokkel. Olje- og gassutvinninga står for langt det meste av norske CO2-utslepp, 50% meir enn vegtrafikken.

Søviknes skriv at norsk gass til erstatning for kol vil vera eit effektivt klimatiltak i Europa. Men det er ikkje dokumentert at norsk gass erstattar kol. Sjølv om kol er rekna som ein "klimaversting", er gass og olje årsak til meir CO2-utslepp enn all kolkraft i verda. Dessutan er gass heller ikkje så rein som mange vil ha det til. Lekkasjar av den sterke klimagassen metan er eit problem, både ved produksjon, transport og bruk av gass. I mange tilfelle er metanlekkasjane så store at klimafordelen med energien frå gasskraftverk samanlikna med kolkraft blir borte. Storleiken på slike lekkasjar er dårleg kartlagt i Europa. Det er difor vanskeleg å bedømma miljøkonsekvensane av bruk av gass. For å redusera klimagassutsleppa i EU, blir gass no erstatta med fornybare kjelder, og gassforbruket der er på veg ned.

Klimaomsyn må bli styrande

Like etter han var utnemnd, snakka Søviknes om at han var tilhengar av "føre-var"-prinsippet i høve til arbeidet mot klimaendringane. Meiner han framleis dette, må han sørgja for at klimaomsyn blir styrande for energipolitikk og oljeproduksjon. Om det ikkje blir lagt opp til dette, vil både Søviknes og regjeringa han er ein del av, gå over i historia som politikarar som valde ikkje å ta på alvor kunnskapen dei hadde om samanhengen mellom oljeproduksjon, klimagassutslepp og farlege klimaendringar.

Gunnar Kvåle

Miljøpartiet Dei Grøne