Leiar i Bjørnafjorden AUF, Vegar Klyve, tek til orde for at tema som fagorganisering og arbeidsmiljøløva bør styrkjast i læreplanane i grunnskulen og VGS.
Leiar i Bjørnafjorden AUF, Vegar Klyve, tek til orde for at tema som fagorganisering og arbeidsmiljøløva bør styrkjast i læreplanane i grunnskulen og VGS.

Lesarbrev: Regjeringa sviktar unge i arbeidslivet

Å gje elevane dei verktøya dei treng for å kunna stå opp for seg sjølve i arbeidslivet, er kanskje den mest effektive måten å hindra arbeidslivskriminalitet på, meiner Vegar Klyve (AUF).

LOs sommarpatrulje avdekkjer nok ein gong alvorlege brot på arbeidsmiljølova i den norske arbeidsmarknaden. Mest utsette er unge arbeidstakarar. Difor bør tema som fagorganisering og arbeidsmiljølova styrkjast i læreplanane. Diverre skjer det motsette med FrP- og H-regjeringa me har i dag. Resultatet er at elevar kan gå gjennom grunnskulen utan å ha lært dei mest grunnleggjande tinga om det norske trepartssamarbeidet.

I år retta LOs sommarpatrulje særleg fokus på bemannings- og serveringsbransjen, og fann brot hos 4 av 10 bedrifter. Den vanlegaste utfordringa er at unge manglar, eller har for dårleg, arbeidskontrakt. Ansvaret for dette ligg sjølvsagt hos arbeidsgjevar, men om unge ikkje veit at ein skal ha kontrakt med viktig informasjon om tilsetjingsforholdet, kjem dei sjølvsagt ikkje til å krevja det av sjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er difor det er sjokkerande at når regjeringa kjem med forslag til nye læreplanar, så er ikkje arbeidsliv med i det heile. Dette til tross for at både LO og NHO har kome med kraftige protestar. Dei meiner at dette vil svekkja unge arbeidstakarar si evne til å gjenkjenna regelbrot.

AUF ønskjer å styrkja kunnskapen elevane i grunnskule og VGS får om arbeidsliv og rettane ein har som arbeidstakar. På den måten kan kvar elev i arbeidslivet stå opp for rettarne sine og vera ein del av løysinga på arbeidslivskriminalitet. Å gje elevane dei verktøya dei treng for å kunna stå opp for seg sjølve i arbeidslivet, er kanskje den mest effektive måten å hindra arbeidslivskriminalitet på.

Eit anna svært effektivt verkemiddel for å sikra eit trygt arbeidsliv for alle, er å styra fagforeiningane. Likevel svekkjer FrP og Høgre fagforeiningsfrådraget og elevane ser ut til å få endå mindre informasjon om kva det inneber å organisera seg. Resultata av svekkinga av frådraget ser me allereie. Fagforeiningsandelen i det norske arbeidslivet synkjer, og gjer det lettare for bedrifter å utnytta unge i arbeidslivet.

Vår felles framtid i Vestland skal vera ei framtid med eit trygt og inkluderande arbeidsliv for alle.

Vegar Klyve, 16 år, skule og arbeidsansvarleg i AUF i Vestland og leiar i Bjørnafjorden AUF