Geir Magne Johnsen Moberg heldt appell under protesttoget tidlegare i år.
Geir Magne Johnsen Moberg heldt appell under protesttoget tidlegare i år.

Nei takk til idéverkstad med Vegvesenet

Kor realistisk blir ein idéverkstad om avbøtande tiltak, alternativ og utvikling når ingen av deltakarane eigentleg veit kva dei har i vente?

Statens vegvesen har invitert til idéverkstad, der dei spør korleis området rundt Søre Øyane kan utviklast for brukarar. Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden er blant dei utvalde gjestene, men vegvesenet kunne spart seg bryet. Dei burde etter kvart vita at aksjonen eksisterer eine og åleine fordi vi ikkje vil ha den utviklinga vegvesenet legg opp til i Søre Øyane: monsterbru med ei massiv ilandføring i den lokale skjergarden.

Kven sat med gjestelista?

Forutan det reint prinsipielle; at vi ikkje blir med på eit arrangement som har som mål å legitimera eit av dei største naturinngrepa i Os nokosinne, er det fleire sider ved dette arrangementet vi reagerer på. For det første; kven har sete med gjestelista for desse tre timane i Oseana? Vegvesenet stiller mannsterke, åtte personar i tillegg til at dei er forsterka med tre arkitektar, som vel skal forsøka å lappa Øyane saman når anleggsmaskinene har forlate åstaden. Os kommune har med tre frå administrasjonen og fire politikarar. Berre éin av dei (Harald Døsen, Ap) tilhøyrer opposisjonen, og dei som stemde nei til bru då høyringsforlaget var oppe i kommunestyret. Utanom Døsen er det vel ingen av dei 17 andre som kjem til å risikera jobben sin med å snakka ned brua.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til å koma med idear er det då att 10 nærast tilfeldig utvalde brukarar, som vegvesenet kallar dei. Brukar er eit flott ord! Brukar er vi jo alle; av post og kommunetorg og legevakt. Å be om idear frå dei som bur og lever i Øyane, som er glade i og har band til staden og naturen der, hadde nok ikkje gjeve dei rette tilbakemeldingane. Då er det betre å redusera dei til brukarar, som kan få ønskja seg benkar, rododendronar i skjeringane og skjelsand der svaberga blir sprengde vekk.

Dei som ikkje er inviterte

Det er nesten ikkje interessant kven som er invitert, heller kven som ikkje er det: Os seilforening og dei andre lokale båtforeiningane, småfiskarlaget, Oselvarlaget, Os turlag, Astrid Dale, grunneigar og ein av dei viktigaste arbeidsgjevarane i Øyane, representantar for den jamne søre-øyane-bebuar og bygda elles, båtturistar og turgåarar. Det er kort sagt veldig, veldig mange som vert råka av dei øydeleggingane som bru, ilandføring og motorveg vil føra med seg i Søre Øyane.

Det som ikkje vart sagt

Statens vegvesen har fått kritikk for at dei ikkje har vist korleis og kvar ilandføringa skal skje. Det vart sist demonstrert i folkemøtet i desember då tilhøyrarane fekk ei lang utgreiing om underjordiske ras og subsea-fortøyingar ute i fjorden, men ikkje eitt ord (eller illustrasjon) om korleis brua vert forankra til land og kva det fører med seg av inngrep. Kor realistisk blir ein idéverkstad om avbøtande tiltak, alternativ og utvikling når ingen av deltakarane eigentleg veit kva dei har i vente? Skal brua i land i Kobbavågen eller på Gulholmen? Blir det laga realistiske illustrasjonar som blir sendt ut på førehand? Presenterer vegvesenet truverdige tal for og konsekvensane av uttak av massar, fyllingar, anleggstrafikk og anleggsvegar? Politikarane seier brua må bli billigare; betyr det at naturen og miljøet må ta ein endå større del av rekninga?

Ikkje oppfylt informasjonsplikta

Vi i Folkeaksjonen meiner vegvesenet har svært mykje å svara for før dei i det heile tatt bør tenkja på å be om innspel frå innbyggjarane. Informasjonsplikta ligg hos vegvesenet, og den har dei ikkje oppfylt! Dersom vegvesenet framleis lurar på korleis Søre Øyane blir brukt og kva som kan gjerast for å leggja til rette for innbyggjarane, kan dei lesa dei mange innlegga og høyringsfråsegnene som er skrivne mot brua. Denne idéverkstaden er eit halvhjarta forsøk på brannslokking. Dei som stiller, kan fort risikera å bli tekne til gislar for bruprosjektet. Vi oppmodar derfor alle inviterte til å boikotta arrangementet, og heller lata si røyst høyra andre stader.

Frå Folkeaksjonen mot Bru over Bjørnafjorden ved styreleiar Geir Magne Moberg