annonse

Norsk oljepolitikk er ikkje i samsvar med Paris-avtalen

: Som minister kan Søviknes sjølvsagt ikkje gjera anna enn å forsvara regjeringa sin olje- og energipolitikk. Men denne politikken er diverre ikkje i samsvar med kunnskapen om kva som er naudsynt for å sikra levelege kår for fattige som i dag er råka av aukande klimaskader og for våre eigne barn og barnebarn, skriv Gunnar Kvåle.

Paris-avtalen som Noreg har slutta seg til, har ikkje fått konsekvensar for norsk oljepolitikk. Det er på høg tid med ei endring slik at klimapolitikken blir styrande for oljepolitikken og ikkje omvendt slik regjeringa så langt har lagt opp til, skriv Gunnar Kvåle.

LESARBREV: Eg vil takka olje- og energiminister Terje Søviknes for svar på innlegget mitt i Os og Fusaposten 3. januar med overskrift «Meir norsk olje og gass er ikkje bra for klima»

Det hastar med utsleppskutt

Søviknes skriv mellom anna: "Den globale ambisjonen om å begrense temperaturstigning til godt under 2 grader endrer ikke norsk olje- og gasspolitikk".

Nei, problemet er nettopp at Paris-avtalen ikkje har ført til den endringa i norsk oljepolitikk som er nødvendig for å avgrensa den globale temperaturauken slik avtalen krev. Med dagens klimagassutslepp er karbonbudsjettet for ei temperaturauke på 1,5 grad oppbrukt på berre 4 - fire år!

Alt no, ved ein global gjennomsnittstemperatur som er rundt 1 grad høgare enn i førindustriell tid, ser me store klimaskader. Temperaturauken er sterkast i nord. I desember var temperaturen på Svalbard 20 grader høgre enn normalt, med tining av permafrost og stor risiko for ras som resultat. Globalt har ekstremver, flom og ras auka i omfang. Dette har ført til skader, så langt av mindre omfang her heime i høve til store naturkatastrofar som har råka land som Filippinene, Bangladesh, Pakistan og Kina.

Parisavtalen må få konsekvensar for oljepolitikken

I denne situasjonen har regjeringa halde fram med ein "business as usual"-politikk som om innhaldet i Paris-avtalen er gløymt. Medan klimagassutsleppa i EU har gått ned med 22% frå 1990 til 2015, har utsleppa i Noreg auka med om lag 4 % i same periode. Regjeringa opnar stadig nye felt for leiting og utvinning, også i Arktis. Søviknes kommenterer ikkje analysane publisert i det kjende tidskriftet «Nature» som viser at det ikkje er plass til olje og gass frå Arktis om ein skal kunna avgrensa global oppvarming til mindre enn to grader.

Når Søviknes skriv at "verden vil i overskuelig framtid trenge olje- og gass", kan det virka som han meiner dette må vera førande for oljepolitikken sjølv om slik utvinning fører til større temperaturauke enn to grader. Dette er det motsette av ein "føre-var"-politikk som Søviknes i intervju har sagt skulle vera førande for oljepolitikken. Tal frå Det internasjonale energibyrået viser at for å nå målet om ikkje meir enn 1,5 grad global temperaturauke må alle energirelaterte utslepp vera null innan 2040.

Gass er inga klimaløysing

Søviknes skriv: "Vi vet også at kull er verstingen i utslippssammenheng. Å erstatte kull med gass er derfor en effektiv måte å redusere utslippene på".

Det er rett at kol er rekna som ein klimaversting. Men gass er heller ikkje så rein som mange vil ha det til. Lekkasjar av den sterke klimagassen metan er ofte eit problem, både ved produksjon, transport og bruk av gass. Dersom metanlekkasjane er på over 3 %, kan klimafordelen med energien frå gasskraftverk samanlikna med kolkraft forsvinna. Storleiken på slike lekkasjar er dårleg kartlagt i Europa. Forskar Alexander Gusev fra Institute of Advanced Sustainability Studies i Potsdam har sagt at på grunn av mangel på pålitelige data om metanlekkasjar i Europa, er det vanskeleg å bedømma miljøkonsekvensane av gassproduksjonen.

Energi- og klimapolitikken må endrast

Som minister kan Søviknes sjølvsagt ikkje gjera anna enn å forsvara regjeringa sin olje- og energipolitikk. Men denne politikken er diverre ikkje i samsvar med kunnskapen om kva som er naudsynt for å sikra levelege kår for fattige som i dag er råka av aukande klimaskader og for våre eigne barn og barnebarn. Vona er at Søviknes, som den kunnskapsrike mannen han er, betre enn mange vil forstå den globale energiubalansen klimagassutsleppa fører til. Jorda blir stadig varmare på grunn av varmeoverskotet som drivhuseffekten fører til. Greier me ikkje snu utviklinga slik at jorda etter kvart ikkje tek opp meir varme enn ho slepp ut, kan temperaturauken ikkje stoggast. Regjeringa legg opp til ein farleg politikk når det framleis blir satsa sterkt på oljeutvinning og subsidiering av denne industrien.

Framtida er fornybar

Utviklinga innan sol og vindkraft går no svært raskt. Ei internasjonal forskargruppe publiserte nylig ein rapport som viser at det er fult mogeleg å erstatta all fossilt med fornybar energi (sol, vind, vann) innan 2050, 80% allereie i 2030. Det meste av olja og gassen som kan bli produsert frå nye felt i Arktis vil måtta seljast etter 2030. Det er då stor risiko for at det ikkje er marknad for fossil energi. Satsing på olje- og gass i desse områda er difor ikkje framtidsretta politikk.

Klimaomsyn må vera styrande

Eg vonar at Terje Søviknes som olje- og energiminister vil bidra til å gjennomføra ein "føre-var"-politikk slik han har lova, ved at han let klimaomsyn vera styrande for energi- og oljepolitikken. Slik vil han fylgja opp det Erna Solberg sa på NHOs årskonferanse 5. januar i år. Ho sa då at Paris-avtalen vil koma til å forandra Noreg, og at me som nasjon ikkje kan lena oss like mykje på oljeaktiviteten som me har gjort i åra me har oss bak oss, men må satsa på å gjera Norge til verdas beste land for investeringar i grøne løysingar.

Det lovar ikkje så bra at Søviknes ved same høve gav uttrykk for at det ikkje er mogleg å erstatta inntektsstraumen frå olje- og gass på fleire generasjoner. Betyr dette at han vil leggja mindre vekt på signala frå Solberg om demping av oljeaktiviteten og storsatsing på grøne løysingar?

Me må vona at regjeringa Søviknes no er ein del av etter kvar vil bli ein meir aktiv medspelar på storsatsinga som skjer internasjonalt på fornybar energi. Men Paris-avtalen krev at regjeringa samstundes må innføra tiltak for som raskt fører til store kutt i norske klimagassutslepp, mellom anna gjennom redusert oljeaktivitet. Ein kan då ikkje lenger gjennom leiterefusjonsordninga driva livredning av ein solnedgangsindustri i ei tid då dette verken klimamessig eller økonomisk er forsvarleg.

Gunnar Kvåle

Medlem av Miljøpartiet Dei Grøne

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut