Vegard Leikvoll Moberg gjennomførte sin første trening med Sogndal fredag ettermiddag. Osingen har signert avtale på 2,5 år med eliteserieklubben i Sogn og Fjordane.
Vegard Leikvoll Moberg gjennomførte sin første trening med Sogndal fredag ettermiddag. Osingen har signert avtale på 2,5 år med eliteserieklubben i Sogn og Fjordane.

Debuterar truleg på søndag

- Me er veldig glade for å få med oss Vegard. Han er ein solid spelar og ein fin type. Det er godt mogleg han debuterar mot Bodø/Glimt søndag, seier Eirik Bakke.

Songdal-trenaren vedgår at han har hatt osingen i kikkerten i lang tid. 

- Me har følgd med han ein stund. Mellom anna gjorde han eit godt inntrykk då han skåra mot oss i Obos-ligaen i fjor, fortel Bakke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då midtbaneankeret Babacar Sarr gjekk til Molde for ei veke sidan, var Vegard Leikvoll Moberg det første namnet som vart diskutert.

- Me ønskjer ikkje å leggja for mykje press på Vegard. Han er ein god midtbanespelar, men me ventar ikkje at han fullt og heilt skal erstatta Sarr med det første. Sarr er blant eliteseriens beste spelar. Me er realistiske og ser at Vegard treng litt tid på å nå opp til eit slikt nivå, seier Bakke.

Rett type

Men at han har vald rett føler trenaren seg overtydd om.

- Vegard er ein jordnær og kjekk person som garantert vil gli fint inn i miljøet vårt her på Fosshaugane. Me ønskjer å utvikla unge spelarar som vil noko ekstra. Vegard har vist at han er ein slik spelar. Det siste han gjorde for Åsane i fjor og no i vår, viser at han stadig tek nye steg, skryt Sogndal-trenaren.

- Du trivst med å henta Bergensarar, osingar og andre spelarar frå Hordaland?

- Er dei gode, spelar set ingen rolle kvar me hentar dei. Det viktigaste er at dei er rett type spelarar. Spelarar som vil utvikla seg, som Eirik Birkelund, Petter Strand, Lars Christian Kjemhus og .ja, Vegard Leikvoll Moberg.

- Så er det vel altid kjekt å få ein osing til Fosshaugane?

- Alltid kjekt med osingar, avsluttar Bakke.