Knud Knudsen har gitt ettertida ein skatt gjennom bileta han tok - bilete som berre vert meir verdfulle dess lenger tid det går. Her har han fotografert søstera Martha Tokheim på 1870-tallet.
Knud Knudsen har gitt ettertida ein skatt gjennom bileta han tok - bilete som berre vert meir verdfulle dess lenger tid det går. Her har han fotografert søstera Martha Tokheim på 1870-tallet.

Den usynlege fotografen

Kva kan eit bilete fortelja oss? I Os Senioruniversitet 5. desember var Lisbeth Dreyer ein utmerka los og hjelpte forsamlinga til å oppdaga at eit bilete ikkje berre er ei "avfotografering" av stader, natur eller menneske.

Dreyer tok oss med inn i undringa over kva historie kvart bilete kan fortelja både om tida biletet var teke i og om menneska som var i bileta. Kva tenkte desse menneska, kvar skulle dei hen, kva gjorde dei på, kva prata dei om var nokre av spørsmåla ho stilte etter kvart som nye bilete kom opp på veggen.

Frå heile Noreg

Alle fotografia som vart synte denne dagen, var tekne gjennom dei siste 50 åra på attenhundretalet. Motiva var frå heile Noreg: Galdhøpiggen og Bergen, frå Hammerfest og Arendal, bilete av byfolk og av bønder, bilete frå kvardag og frå fest. Alle motiva dokumenterte ulike sider ved samfunnet over hundre år tilbake i landet vårt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men kven er "historikaren" som har gjeve oss denne gode og varierte dokumentasjonen over folkeliv, transport, arbeidsliv, byggeskikk og klede?

Foredragshaldaren kalla han for "Den ukjente fotografen". Mannen er Knud Knudsen som levde frå 1832 til 1915. Han var den første fotografen som reiste rundt i heile landet for å fotografera.

Eige atelier

Knud Knudsen var fødd i Odda som einaste son på garden Tokheim der han voks opp saman med fem systrer. Men han ville til Bergen, og tanken var å bli handelsmann. Han let systera Marta styra garden.

Handelsmann vart han ikkje, endå om han budde i Muren hos slektningar som dreiv handel i underetasjen der. Han vart interessert i fotografering som var noko ganske nytt i landet på den tida, og i 1864 opna han eige atelier i byen for portrettfotografering. Då hadde han allereie i eit par år reist og fotografert frå ulike stader rundt om i landet. Han drog med hest og kjerre eller med båt, og frå bileta kan ein sjå at det ikkje var reint lite oppakning han hadde med seg med naudsynt utstyr for fotografering og framkalling.

Det blei ein stor produksjon frå fotografen. Berre i Universitetet i Bergen finst over 10.000 glasplatekopiar av bileta hans!

Kister på uthusloftet

Då Lisbeth Dreyer starta arbeidet med å følgja i spora til Knud Knudsen, fekk ho vita frå Universitetet i Bergen at det ikkje fanst noko skriftleg materiale etter han. Han var barnlaus, og hadde soleis heller ikkje familie som levde etter han og kunne fortelja noko.

Men Lisbeth Dreyer gav seg ikkje så lett. Saman med Skule Eriksen drog ho til Knudsen sin barndoms-heim der dei møtte etterkomarar etter systrene til Knudsen. På uthusloftet der fann dei kister som Knud Knudsen hadde eigd. Innhaldet synte m.a. ei stor brevsamling stila til systera Marta, det eldste frå 1851. Her kjem det fram smått og stort i kvardagsskildringar frå livet i Bergen på 18-50talet.

Kommuniserte med bilete

Etter dette funnet vart Dreyer og Eriksen samde om at både tidsskildringane og bileta måtte bli synleggjort for andre. Dei valde då å laga eit album fordi Knud Knudsen kommuniserte med bilete, ikkje med ord.

Artikkelen held fram under annonsen.

I arbeidet med albumet stilte forfattarane seg fire spørsmål: Kvifor har han tatt biletet? Kvar er det tatt? Heng det saman med andre bilete? Kan biletet knytast til livet hans?

Ut frå svara dei fann, oppdaga dei m.a. korleis han hadde skildra livet rundt Muren i Bergen gjennom bilete tekne ut frå vindauga der han budde. Dei kunne følgja reiseruta hans gjennom store delar av landet, og dei oppdaga at menneske som hadde vore rekna som "ukjende", var slektningar av han som var blitt fotograferte i ulike samanhengar. Dei fekk og slått fast på kva stad bileta var tekne ved å studera fjellformasjonar og sjå dette i høve til tida han hadde oppgitt at det tok å reisa dit frå husværet i Muren.

Svært mange av bileta vart tekne for å møta den aukande turistinteressa i landet. Fotoapparat var ikkje allemannseige, og Knudsen framstilte dei motiva - i natur og kultur - som turistane var interesserte i og selde desse som postkort gjennom hotell og turistbyrå.

Ikkje berre Glansbilete-Noreg

I filmen om som vart vist etter foredraget, ein film om Knud Knudsen, laga av Eriksen og kommentert av Dreyer, fekk vi sjå at det ikkje berre var "Glansbilete-Noreg" Knudsen tok bilete av. Det gjorde djupt inntrykk å få nærbilete av strev og teikn på fattigdom som han og hadde dokumentert: Berrføtte born, vaksne med klede som hang i laser rundt dei, blodslit i steinura, tunge bører på nakken, motlause blikk.

- Ikkje rart at dei drog til Amerika, var ein av kommentarane som vart høyrd. Berre frå Tokheim var det 50 born og vaksne som emigrerte.

Knud Knudsen har gitt ettertida ein skatt gjennom bileta han tok - bilete som berre vert meir verdfulle dess lenger tid det går.

Eit bilete kan seia meir en 1.000 ord, er det sagt. Foredraget i Oseana denne gongen gav oss eit døme på dette. Menneska på dei over hundre år gamle bileta er for lengst borte. Men gjennom bileta lever dei framleis. Vi kan difor òg i vår tid få eit møte med dei og det livet dei hadde.

Lill-Karin Wallem

Artikkelen held fram under annonsen.

Os Senioruniversitet