Psykolog Elin Hordvik lokka eit stort tal deltakarar til Fusa senioruniversitet i Eikelandsosen.
Psykolog Elin Hordvik lokka eit stort tal deltakarar til Fusa senioruniversitet i Eikelandsosen.

"Det gode liv" engasjerte

- Kva er det gode liv, spurde psykolog Elin Hordvik tysdag då ho vitja Fusa senioruniversitet, og lokka eit stort tal deltakarar til Eikelandsosen.

Hordvik la med ein gong til at ho hadde stilt "eit heilt umuleg spørsmål". Men ho tok likevel fatt i oppgåva.

- Me kan jo ha tankar om det, og snakka om det, meinte ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vonde liv

Svaret på spørsmålet kan vera så mangt. Heilt ulike ting kan vera viktige for ulike menneske. På internett hadde ho fått 581.000 treff om emnet. Spør ein ekspertane i Statistisk sentralbyrå, samlar dei alt dette under ei rekkje kjende saker: Trygg økonomi, god helse, å ha familie, kjæraste og born, å ha venner, eit arbeid å gå til og meiningsfull fritid. Det er det folk meiner skal til for å oppnå 'det gode liv'.

- Kan henda er det lettare å meina noko om 'det gode liv' viss me har kjend på 'det vonde liv', sa Elin Hordvik og heldt fram:

- Då kan me tenkja på såkalla utviklingskriser i livet, å få småsysken, å begynna på skule, tenåra, å gifta seg, når borna flyttar ut og pensionsalderen. Ikkje noko alvorlege hendingar, og 'krise' betyr her 'vendepunkt' .

Det er viktig å registrera "eit godt liv". Ver deg bevisst dei gode ting i livet, var nokre av dei gode råda Elin Hordvik delte ut i Fusa senioruniversitet.
Det er viktig å registrera "eit godt liv". Ver deg bevisst dei gode ting i livet, var nokre av dei gode råda Elin Hordvik delte ut i Fusa senioruniversitet.

'Det vonde liv' opplevest sterkt av dei som blir råka av akutte, traumatiske kriser, som når eit av borna eller ein ektefelle eller andre i familien døyr; ved separasjon, skade på helsa, husbrann og andre livshendingar som gir sterke kjensler.

Får eller får til

Så tok ho fatt i ei anna vinkling av emnet, og spurde: "Det gode liv, er det noko ein får, eller noko ein får til? Ligg det nokon forpliktelse i det for oss sjølv?".

Det å ha ei god helse, fører det med seg at ein skal stella godt med helsa si? Å ha nokon å vera glad i, at ein skal stella godt med "dei viktige andre"? Å ha nok pengar til eit anstendig liv, at ein skal setja tæring etter næring? Og, å kunna ha nok aktivitetar, at ein skal setja grenser for plikter i fritid og jobb?

Ein kan spørja seg om me får eit liv som me fortener, når livet verkar så "urettferdig". Det finst ordtak som gjer uttrykk for den tanken: "Som man reder, ligger man", "Einkvar er sin eigen lykkes smed" og "Lykken veks der du plantar han".

I nuet

Psykologen påpeika at ulike tema påverkar "det gode liv". Nokon er tilhuga til å grubla, angra, skamma seg eller ha skuldkjensle. Dei fell automatisk inn i negative tankar. Andre angrar på noko dei har gjort eller på alt ein ikkje har gjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein kan velja å leva i nuet, eller utsetja ting "til eg får tid". Ein kan spørja seg: Kva vil eg? Kva vil eg no?.

- I alle fall er det viktig å registrera "eit godt liv". Legg merke til ting som er fine, ta bilete av dei. Ver deg bevisst dei gode ting i livet. Ha noko å gle seg til. Og av og til må ein snu litt på ting, sa Hordvik.

Kloke oppskrifter

Deltakarane tok straks til seg bodskapen frå Elin Hordvik, og etter kaffi med tebrød var det deira tur å koma med sine kloke oppskrifter for å få til "det gode liv". Ei ber ofte vener og familie på besøk og steller for dei. Då føler ho at ho ikkje blir gløymt. Ei anna bakar bollar og deler dei ut til naboar for å få kontakt. Ein annan ser ikkje bakover, men framover. Ei gjer seg bevisst kva ho kan vera takknemleg for den dagen.

Elin Hordvik anslutta med å kalla det å vera med på senioruniversitet som noko "kjempeviktig".

- Du gjer noko for deg sjølv og for andre.

Og det var me i styret veldig nøgde med!

Nytt styre

Etter foredraget heldt Fusa senioruniversitet sitt årsmøte. To nye styremedlemer erstatta Lars Erik Dalland og Sæbjørn Tveit som ikkje tok attval. Styret er no samansett av Eli Dalland, Gunnar Veland, Harald Hjartåker, Anne Karin Moldrheim, Bjørghild des Bouvrie, Jan Solvang og Laila Stabell. Knut Tveitnes, Andre Cornax og Olav Dale er varamedlemer.

Bjørghild des Bouvrie

Artikkelen held fram under annonsen.

Fusa senioruniverisitet