Ole Bulls villa som blei bygd i åra 1872-73, er heilt unik i norsk bygningshistorie. (Alle
Ole Bulls villa som blei bygd i åra 1872-73, er heilt unik i norsk bygningshistorie. (Alle

Det lyseblå eventyrslottet

Lysøen er i bruk året rundt, men om sommaren lokkar Ole Bulls villa fleire busslass med turistar til seg.

- Frå 18. mai er det aktivitetar, vandringar, konsertar og foredrag kvar helg i heile sesongen, som vert avslutta siste søndag i september, seier kommunikasjonsrådgjevar, Anette Basso.

Unik

Ole Bulls sommervilla blei bygd i årene 1872-73, og er heilt unik i norsk bygningshistorie.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det lyseblå eventyrslottet er ope for omvisingar, og guidane fortel historia om Ole Bull, som verdsberømt fiolinvirtuos, komponist og Noregs først superstjerne. Interiøret er fylt med mange små detaljar som leier til nye historiar om Bull, slik at besøkjande kan få ei heilt ny oppleving kvar gong, seier Basso.

Rekreasjonsområde

Men Lysøen er ikkje berre populær blant Ole Bull-fans. Turområdet i seg sjølv trekkjer folk til øya.

- Vi veit at øya vert teken hyppig i bruk som rekreasjonsområde for turar, jogging eller bading blant lokale folk som har tilgang til eigen båttransport. Vi har fleire gjestekaiar tilgjengelege, seier Basso og held fram:

- I år tilbyr vi også noko heilt nytt. Kvar søndag i juli. Eit pakketilbod beståande av buss frå Bergen, guida tur rundt på øya og konsert. Dette vil nok lokka endå fleire Ole Bull-entusiastar til øya, i tillegg til familiar som kombinerer søndagstur med kultur.