Av partia på Stortinget er det berre Miljøpartiet Dei Grøne som med sitt alternative statsbudsjett har foreslått tiltak som kan gje kutt på 800.000 tonn CO2 i 2017, skriv Nils-Anders Nøttseter og Gunnar Kvåle.
Av partia på Stortinget er det berre Miljøpartiet Dei Grøne som med sitt alternative statsbudsjett har foreslått tiltak som kan gje kutt på 800.000 tonn CO2 i 2017, skriv Nils-Anders Nøttseter og Gunnar Kvåle.

Det skal løna seg å velja miljøvenleg!

Stadig fleire ynskjer å bidra til å stansa klimaendringane gjennom å leva miljøvenleg. Tal frå Statens institutt for forbruksforsking viser at fleire enn før seier at dei bruker mindre straum, kjøper mindre klede, køyrer mindre bil og reiser mindre med fly. Dei Grøne vil stimulera til at fleire kan ta slike val. Det skal bli lettare og det skal løna seg å leva miljøvenleg, skriv Os MDG.

LESARBREV: I vårt alternative forslag til statsbudsjett set me ned prisen på grønsaker, tog, reparasjonar, kollektivtilbod og elbilar, medan prisen skal opp på miljøskadeleg forbruk som bensin. Pengane som blir tekne inn frå å auka bensinprisen med fem kroner literen, skal delast ut med ein lik sum til alle i Noreg. Alle vil då få om lag 1.500 kroner kvar. Dei som lever miljøvennleg, til dømes ved å gå over til elbil eller ved å bruka bilen mindre, blir på denne måte premiert ved at dei får meir att enn det dei betaler inn gjennom auka bensinpris. Dei som vel å forureina ved å behalda bensin- eller dieselbilen og køyra like langt som før, må betale meir.

For at alle i Noreg skal ha et reelt val, vil me byggja ut 2.000 ladestasjonar til elbil slik at det for kvar femte mil på alle riks- og fylkesvegar over heile landet, blir ein ladestasjon med minst to ladepunkt. Dei som ikkje har råd til å kjøpa elbil, skal få støtte frå kommunen til å leiga ("leasa") elbil. Ein vidare vekst i elbilbruken vil bidra til store kutt i klimagassutsleppa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politisk spel om klima

Dei siste dagane har me vore vitne til eit politisk spel om klima. Noreg må kvart år fram til 2030 kutta utslepp i ikkje-kvotepliktig sektor med rundt 800.000 tonn CO2, for å kunna nå målet om 40% kutt innan 2030. Dette er det regjeringa har lova i høve til Paris-avtalen og EU. Erna Solberg ville likevel ikkje koma Venstre i møte ved å støtta tiltak som eventuelt berre kunne kutta utsleppa med vel 250.000 tonn neste år. Dette viser at Erna Solberg ikkje har planar om å fylgja opp klimamål ho tidlegare har godteke.

Av partia på Stortinget er det berre Miljøpartiet Dei Grøne som med sitt alternative statsbudsjett har foreslått tiltak som kan gje kutt på 800.000 tonn CO2, i 2017. Alle parti som tek klima-utfordringa på alvor, bør no finna saman og arbeida for ein offensiv klimapolitikk og slik skapa grunnlag for ei sterk grøn blokk på Stortinget etter valet neste år.

Me kan ikkje lenger akseptera ein politikk som så tydleg trugar liv og levekår for borna og barneborna våre.

Nils-Anders Nøttseter

Gunnar Kvåle

Miljøpartiet Dei Grøne