Denne veka hadde Vegard Leikvoll Moberg ei kort ferieveke heime i Os. I helga reiser han og Sogndal på ny treningsleir til Spania.
Denne veka hadde Vegard Leikvoll Moberg ei kort ferieveke heime i Os. I helga reiser han og Sogndal på ny treningsleir til Spania.

Dobbel så stor sjanse for speletid

I år vert han også vurdert som midtstoppar. Mykje tyder på at 2017 kan bli Vegard Leikvoll Mobergs gjennombrotssesongen i eliteserien.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Han gjekk frå Åsane til Sogndal midt i sesongen 2016. Etter det fekk han to kampar frå start og fire innhopp for kvit-trøyene frå Fosshaugane. Mykje skal gå galt om ikkje Vegard Leikvoll Moberg blir ein større og viktigare aktør for Sogndal denne sesongen.

Speletid det viktigaste

For sjølv om det ikkje er heilt etter osingens hjarte, så har han plutseleg fått fleire strenger å spela på i kampen om å bli blant dei 11 startande for sogningane. I vinterens treningskampar har Vegard spelt fire av fem hovudsakleg som midtstoppar.

- Det er kjekt å spela midtstoppar også, men eg meiner eg også bør vurderast som midtbanemann. Til no har eg berre fått ein omgang i den rolla, seier 26-åringen.

Ettersom Eirik Bakke no vurderer Vegard Leikvoll Moberg både som midtstoppar og midtbanemann har osingen større sjanse til å frekventera ofte i førsteellevaren til Sogndal denne sesongen.
Ettersom Eirik Bakke no vurderer Vegard Leikvoll Moberg både som midtstoppar og midtbanemann har osingen større sjanse til å frekventera ofte i førsteellevaren til Sogndal denne sesongen.

Han er likevel kjapp med å leggja til følgjande:

- Men for all del. I valet mellom å spela midtstoppar, eller vera innbytar som midtbanemann, er valet enkelt. Speletid er sjølvsagt det viktigaste. Det er det me trenar for. Det er på banen me vil vera, konstaterer han.

- Kva plass føler du gjer deg kortast veg inn på førsteellevaren?

- Nett no ser det ut til å vera som midtstoppar, men sjølv meiner eg at eg burde stå like langt framme i køen på midten. Men det er jo ikkje opp til meg å vurdera, humrar Vegard.

Mindre dramatisk kneskade

Det er første vinteren at Vegard har fått høve til å vera med på ei heil oppkøyring med eit eliteserielag. Opplevinga har vore spesiell.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er verkeleg sjukt tøffe økter. Me trenar kanskje ikkje fleire økter enn me gjorde med Åsane, men kvar trening er mykje hardare - og alt handlar om å byggja kapasitet. Sjølv oppvarminga kan vara i bortimot ein time og gjera deg godt sliten, fortel han.

Under treningsopphaldet på Grand Canaria for litt sidan fekk han verkeleg merka hardkøyret på kroppen.

- Dagen etter treningskampen mot Brann (0-0) hadde me ei litt tøff økt. Då kjente eg det stakk i kneet, og plutseleg var det som det gav etter, fortel Vegard.

Vel heime i Sogndal bar det til MR og nærmare sjekk.

- Eg hadde det skikkeleg kjipt der nokre dagar og frykta det verste. Heldigvis var det berre snakk om ein liten slitasjeskade, og no er eg snart i full trening igjen, fortel han.

Medan Vegard sparte kneet spelte lagkameratane mot hans gamle lagkameratar i Sognehallen. Resultatet vart 0-2-tap for oransje-trøyene frå Åsane.

- På ein måte greitt å sleppa å vera med på det, humrar Vegard.

Møter russiske liga-leiarar

Midt i oppkøyringa har Vegard og dei andre Sogndal-spelarane hatt ei veke fri. 26-åringen har slappa av heime i Os, og er no klar for nye tak i oppkøyringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

I helga reiser Sogndal-spelar-ane på ny treningsleir. Denne gongen til Marbella i Spania.

- Me skal spela to treningskampar der. Den første er faktisk mot ligaleiarane i Russland, Spartak Moskva. Den andre er mot Shaktyor Soligorsk frå Kviterussland, fortel Vegard.

For han sjølv, kjem Spartak Moskva-kampen litt for tidleg.

- Eg byrjar å trena for fullt igjen på Marbella, men klar for treningskamp blir eg ikkje heilt med det første. Kanskje får eg spela litt mot laget frå Kviterussland, seier han.

- Har skaden sett deg nemneverdig tilbake?

- Nei, eg trur faktisk ikkje det. Eg har trenar godt alternativt og heilt ærleg så trur eg tvert imot at eg har hatt godt av eit lite opphald. Alt i alt ser det bra ut, og no gler eg meg til dei siste førebuingane fram mot sesongstart, konstaterer Vegard.