Sundag vart det klart at Donkeyboy kjem til Osfest i august. (Pressebilete)
Sundag vart det klart at Donkeyboy kjem til Osfest i august. (Pressebilete)

Donkeyboy til Osfest

Donkeyboy spelar på Osfest laurdag 6. august. Den populære popgruppa frå Drammen er første band ut på storescena på den andre dagen av årets festival.

- Osfest har jobba med å finna ein artist som passar bra til ungdom og familiar, og no har vi fått på plass Donkeyboy, heiter det i ei pressemelding frå festivalen.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

- Bandet lovar ein hitparade av dei sjeldne og vil sørgja for super stemning og folkefest frå start på laurdagen, skriv Osfest vidare.

 

Tre spellemannpriser

Donkeyboy vart starta i 2005 av brørne Cato og Kent Sundberg, samt Thomas Drabløs. Året etter var bandet blant finalistane i NRK sin Urørtfinale.

Den første singelen deira, "Ambitions", kom 30. mars 2009. Singelen selde til tre ganger platina. Men det stogga ikkje der. Bandet sette fleire norske singelrekordar med debutalbumet, "Caught in a Life". Donkeyboy vart mellom anna første artist noko sinne som har hatt fire låtar inne på VG-lista Topp 20 samstundes.

Suksessen gjekk ikkje upåakta hen. Under Spellemannprisen året etter vart Donkeyboy løna med tre prisar: Songen "Ambitions" vart kåra til årets hit, videoen til songen vart kåra til årets musikkvideo, medan bandet stakk av med prisen Årets nykommer.

Donkeyboy gav ut oppfølgjeralbumet "Silver Moon" i 2012. I 2014 hadde bandet dessutan suksess med låta "Crazy Something Normal", og i 2015 kom singelen "Downtown".

I godt selskap

Donkeyboy er den åttande artisten som vert lansert i samband med årets Osfest. Frå før har desse artistane meldt sin entré: Marcus & Martinus (utselt), Sigvart Dagsland, Nik Kershaw, Maya Vik, Vamp, Frode Alnæs og Heine Totland.

Festivalen går av stabelen 5. og 6. august.