Seksjonsleiar av sivilseksjonen, Åsta Bakke Mjelde, seier at 2016 vart eit rekordår for talet inkasso-saker i Os.
Seksjonsleiar av sivilseksjonen, Åsta Bakke Mjelde, seier at 2016 vart eit rekordår for talet inkasso-saker i Os.

Dramatisk vekst i talet inkasso-saker

Aldri før har så mange osingar pådratt seg forbruksgjeld. Talet utleggssaker har vakse med 31 prosent på eitt år.

I februar 2016 skreiv lokalavisa saka «Mange osingar i luksusfellen», der det gjekk fram at sivilseksjonen alt på starten av året såg ei negativ utvikling. No kan leiar for seksjonen, Åsta Bakke Mjelde, slå fast at 2016 vart eit dårleg år totalt sett.

- Eg har nett fått tala, og dei viser at talet utleggssaker har gått opp med 31 prosent på eitt år, seier Mjelde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utlegg tyder at den som skuldar pengar, får eigendelar pantsette eller at han får tvunge lønstrekk til gjelda er betalt. Medan talet saker var på 1.137 i 2015, er det tilsvarande talet for 2016 på 1.495.

Samanheng med høgare arbeidsløyse

Leiar for sivilseksjonen, Åsta Bakke Mjelde, seier at veksten i talet arbeidslause er av årsakene som kan vera med og forklara dei høge tala. Ifølgje tal frå NAV var det ved utgangen av 2016 3,9 prosent arbeidsløyse i Os. 405 osingar i yrkesaktiv alder er heilt ledige av ein arbeidsstyrke på totalt 10.385 personar. Det er 88 personar fleire arbeidslause enn på same tid i 2015. Veksten er på 28 prosent.

- Mange har fått dårlegare råd, og er blitt kundar hjå NAV. Det kan sjå ut til at folk ikkje nedjusterer forbruket sitt i takt med nedgangen i inntekter, seier Mjelde.

Let seg lura av kredittlån

Ein annan årsak er at det er lett å få lån, og at ein del skaffar seg forbruksgjeld.

- Me ser at ein viss type sak går att: Det handlar om ubetalt kredittkortgjeld, seier sivilseksjonsleiaren.

Dette gjeld truleg først og fremst folk som har falle for freistinga til å kjøpa ting på kreditt, men dei har også høyrt om tilfelle der enkelte har teke opp kredittlån for å bruka desse midlane som eigenandel for å ta opp bustadlån. Staten krev som kjent at ein må ha 15 prosent eigenkapital for å få ta bustadlån.

Elles skjedde det 15 gonger i 2016 at politiets sivilseksjon måtte kasta ut nokon frå huset sitt fordi dei ikkje hadde betalt husleige.

Kan bli vanskelegare å få kredittlån

Ei lovendring som var ute på høyring i fjor haust, kalla gjeldsregisterlova, kan gjera det vanskelegare for dei som alt er forgjelda å ta opp ytterlegare lån.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Lovendringa kan føra til større kontroll med den private gjelda som kvar og ein har. Dei som skal tilby lån og kreditt blir forplikta til å sjekka opp kva lån og gjeld dei ulike har, før dei gjev lån, forklarer Mjelde.

Høyringsfristen gjekk ut 6. desember, og er no under behandling.