"Saborg - også vi, når det er krevet"
"Saborg - også vi, når det er krevet"

Ei bok som er Saborg verdig

BOKMELDING: «Saborg - også vi, når det blir krevet» er ei skattekiste for alle med interesse for lokal krigshistorie.

70 år skulle det ta før sabotasjeorganisasjonen på Vestlandet under andre verdskrigen - Saborg - skulle få si eiga bok. Historikar, osing og tidlegare journalist i «Os og Fusaposten» Ole-Jacob Abraham, er hovudforfattar av boka, medan Terje Olsen, som er sonen av ein Saborg-krigshelt, har vore medforfattar.

Underteikna har lese dei delene av den 570 sider lange historieboka som er relevante for osingar. Så langt eg kan sjå, er dette eit solid og grundig historieverk, som prøver å fortelja alt som er relevant om denne hittil relativt ukjente krigshistoria, samt kvifor dette vart lagt lok på i etterkrigstida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis osingane lurte tyskarane

Ein får høyra nye historier frå krigens dagar om osingar som Jakob Hjelle, Erling Lunde, Magnus Hauge, Sverre Sivertsen, Henrik og Torbjørn Lyssand, Marta, Fredrik og Haldor Øvredal. Sabotasjeaksjonar kunne inkludera sprenging av tyske skip og likvidasjonar av NS-underordna politifolk. Det er spanande å lesa om korleis sabotørane etter operasjonane stadig greidde å lura tyskarane ved å gøyma seg i små hytter i Os-fjella. God organisering og eit godt system for varsling gjorde at dei mange gonger greidde å lura seg vidare til nye stader når tyske soldatar gjekk på leit i fjellområda.

Spanande om tung materie

Kva rolle Saborg spelte i den dramatiske redningsaksjonen av dei kanadiske flygarane, bankrana som osingar frå Saborg deltok i for å skaffa sårt tiltrengte midlar til einslege kvinner, er andre sjølvsagde ingrediensar. Kor viktig informasjonsarbeidet var, og rolla til dei illegale avisene, blir også tydeleg gjennom boka. Av dei mindre hyggelege sidene ved boka er detaljerte skildringar av korleis dei som vart fanga av tyskarane vart torturerte. Kva metodar vart brukte, kor lenge varte det, kor mange gav etter under tortur, og kor mange som døydde under tortur. Men all honnør til forfattarane, som har levt med dette tunge stoffet i lang tid.

Eit skattekammer

Alt i alt er dette eit skattekammer for alle med interesse for lokalhistorie generelt og krigshistorie spesielt. Det har vore hevda at boka er keisam og for detaljfokusert. For vår del, vil me hevda at boka ikkje er keisam, men sjølvsagt må ei viktig historiebok vera både detaljert, kjeldebasert og skrive i eit nøytralt språk. Denne boka kan trygt tilrådast, og bør vera å sjå under mange juletre i desember.