Doddo er kjend som Brann-bloggar i Bergens Tidende, men er også ein habil musikar og komikar. I framsyninga «Doddo - ser livet passere i revy» har han med seg Sjur Hjeltnes som sidekick. (Pressefoto)
Doddo er kjend som Brann-bloggar i Bergens Tidende, men er også ein habil musikar og komikar. I framsyninga «Doddo - ser livet passere i revy» har han med seg Sjur Hjeltnes som sidekick. (Pressefoto)

Ein haust i humorens teikn

Oseana har booka ein humoristisk trio til haustprogrammet. I tillegg er det sett opp ekstraframsyning på Bjarte Hjelmelands lånte fjær.

- Hausten 2016 på Oseana blir ein haust i humoren sitt teikn, smiler arrangementssjef, Berit Steen.

Bjarte Hjelmeland kjem til Oseana i september med si suksessframsyning «I lånte fjær». Der er det allereie sett opp ei ekstraframsyning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rett før jul, 17. desember, får kunst- og kultursenteret besøk av trioen Raske Menn med deira siste show, «Nitti minutter på åtti minutter».

Dei har spelt for fulle hus på Latter i Oslo sidan premieren, og no skal dei ut på turné.

- Tittelen speglar jo eit show som held høgt tempo, men som er spekka av høgdepunkt, lokkar Steen.

Trioen Raske Menn kjem med sitt siste show, «Nitti minutter på åtti minutter». (Pressefoto)
Trioen Raske Menn kjem med sitt siste show, «Nitti minutter på åtti minutter». (Pressefoto)
Roar Brekke vart nominert til Komiprisen for «All verdens tid». (Pressefoto)
Roar Brekke vart nominert til Komiprisen for «All verdens tid». (Pressefoto)

All verdas tid

Stand up-komikaren Roar Brekke kjem til Oseana 21. oktober med sitt nyaste show «All verdens tid».

- Brekke er kjend for sin kombinasjon av verbal humor og fysiske innslag, og har evna til å treffe spikaren på hovudet i observasjonar av både meg, deg og seg sjølv, meiner Steen.

Roar Brekke vart nominert til Komiprisen for «All verdens tid», og arrangementssjefen har god tru på at dette vil falla i smak hos osingane.

Bergensbrasiliansk

I november kjem bergensarbrasilianaren Eduardo «Doddo» Andersen og vossingen Sjur Hjeltnes som saman "ser livet passera i revy".

Doddo er kjend som Brann-bloggar i Bergens Tidende, men er også ein habil musikar og komikar. I framsyninga «Doddo - ser livet passere i revy» har han med seg Sjur Hjeltnes som sidekick.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hjeltnes har tidlegare vitja Os med framsyninga «200 år på to timar» med Linda Eide i 2014.

Regien er ved Doddo si kone, komikaren Christine Hope.