Erik Oltedal Lunde ved årene, saman med kompisen Aron frå Indonesia.
Erik Oltedal Lunde ved årene, saman med kompisen Aron frå Indonesia.

Ein månad i Spania på eiga hand

11 år gamle Erik Oltedal Lunde fekk nye vener og ny kunnskap på CISV-leir i Spania. - Men no var det godt å koma heim til mors rundstykke med kvitost på! seier han.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Natt til fredag kom Erik Oltedal Lunde til Flesland som kunne by på vestlandsvêr og 10 varmegrader.

- Etter ein månad med opp til 40 grader i skyggen, var det kaldt å koma heim! seier 11-åringen til «Os og Fusaposten».

- Dette var første gongen eg har vore så lenge vekke frå mamma og pappa. Heldigvis var det ein vaksen på fire born som hadde ansvaret for oss, seier han.

Born frå mange forskjellige land reiste til Spania i regi av CISV. Med temperaturar på over 40 grader, gjorde det godt med eit bad innimellom.
Born frå mange forskjellige land reiste til Spania i regi av CISV. Med temperaturar på over 40 grader, gjorde det godt med eit bad innimellom.

Møte med Spania

Ein CISV-leir har som mål å byggja venskap og forståing mellom kulturar ved at born på 11 år frå ulike kantar av verda bur i lag over ein månad. Samtidig får dei oppleva ein ny kultur, som i dette tilfellet var Madrid i Spania.

- Me lærte meir om verda, korleis me kan ta vare på han. Me gjekk ein god del rundt i Madrid og tok bilete. Me erfarte også at det finst både rike og fattige i eit land som Spania, fortel Erik.

Han seier at det ikkje var så mange tiggarar i Madrid, men at fattigdomen var synleg på andre måtar.

- Ein del prøvde å tena pengar ved å visa seg fram og gjera kunstar, seier han.

Vart flink i engelsk

- Lærte du deg noko spansk medan du var der?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, eg har lært meg nokre ord. Men eg vart mykje betre i engelsk! Først trudde eg at eg ikkje var noko særleg god i engelsk, men etter kvart skjønte eg at eg var flinkare enn eg trudde, seier Erik.

Dei andre borna kom frå land i heile verda. USA, Egypt, Algerie, El Salvador, Tyrkia, Indonesia, Brasil, Nederland og Tyskland. Praten gjekk difor mykje på engelsk.

"Blind og stum"

- Kva hugsar du best frå opphaldet?

- Det trur eg må vera handikap-dagen. Då skulle me lata som om me var handikappa for å forstå korleis det er å ha det slik. Me måtte begynna med eit handikap, og dersom me ikkje greidde å "halda oss", fekk me eit handikap til. Eg begynte som stum, men så sa eg eit ord, og dermed vart eg blind også. Heile resten av dagen måtte eg gå med eit skjerf. Det kjem eg ikkje til å gløyma, seier han.

Hetebølgje

Hetebølgja som feidde over landet skapte ein del ekstra utfordringar for ein nordmann.

- Me hadde ikkje noko aircondition på romma, så om morgonen vakna eg og var heilt gjennomvåt av sveitte. Nokre netter fekk me sova ute, og det var mykje betre. I Spania har dei like mykje sol som me har regn, og like mykje regn som me har sol!

- Kva gjorde du for å unngå å bli for varm om dagen?

- Kjem du deg inn i skuggen så er du redda. To dagar i veka fekk me bruka eit basseng som var i nærleiken. Og så må ein må drikka mykje. Men vatnet dei hadde var lunka. Og det var mjølka også! Det er heilt vanleg i Spania at mjølk vert oppbevart i eit vanleg skåp, og ikkje i eit kjøleskåp, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så då han kom heim att til Noreg var det deilig med mors nybakte rundstykke og kald mjølk til.