Den store augneblinken er komen. Ordførar Marit Aksnes Aase, fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og regionvegsjef Helge Eidsnes.
Den store augneblinken er komen. Ordførar Marit Aksnes Aase, fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og regionvegsjef Helge Eidsnes.

Endeleg ny veg!

Måndag vart trafikkbiletet totalt endra for innbyggjarane på Tysse. Trailarar som snirklar seg fram på tronge vegar er ikkje lenger ein del av kvardagen.

Måndag klokka 12 vart den nye Tyssetunnelen høgtideleg opna. 2,3 kilometer med gul stripe og tak over hovudet, løyser dei trafikale utfordringane som innbyggjarane på Tysse har slite med i ein mannsalder.

- Det har vore mykje frustrasjon, fløyting, rygging og lirking. Vegen, som kom på plass for om lag 100 år sidan, er ikkje tenleg i vår tid. Eg er så glad for at det ikkje har gått liv tapt i trafikken, sa ordførar Marit Aksnes Aase.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren kalla vegprosjektet som vart påbegynt for meir enn to år sidan, eit kinderegg. Ikkje berre har Samnanger fått tunnel bak Tysse sentrum, kommunen har fått ny veg på strekkja Gaupholm til Straumen, rundkøyring, om lag sju kilometer med gang- og sykkelsti, samt fiskesti.

- Dette er ein stor dag for trafikantane på FV48 og ein stor dag for Samnanger kommune. Lokalsamfunnet på Tysse har bokstavleg tala hatt trafikken over dørstokkane sine, sa regionvegsjef Helge Eidsnes.

670 millionar

Prosjektet hadde ei styringsramme på 550 millionar kroner. Ifølgje dagens prognosar vil arbeidet kosta 120 mill. kroner meir, altså 670 mill. kroner.

Mange var møtt fram for å få med seg opninga og den påfølgjande folkefesten.
Mange var møtt fram for å få med seg opninga og den påfølgjande folkefesten.
Trond Mohn er blant dei som bidrege sterkt til at arbeidet med Tyssetunnelen kunne koma i gang. Her saman med mellom andre leiar i samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune, Gustav Bahus.
Trond Mohn er blant dei som bidrege sterkt til at arbeidet med Tyssetunnelen kunne koma i gang. Her saman med mellom andre leiar i samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune, Gustav Bahus.

Årsaka er ifølgje Eidsnes at fjellkvaliteten i området var betydeleg dårlegare enn ein trudde.

- Massane kunne ikkje brukast til vegbygging. I tillegg måtte vi på grunn av rassikring byggja høgare natursteinsmurar og ha fleire deponi, fortalde Eidsnes.

Svein Rosseland frå Statens vegvesen har vore prosjektleiar for arbeidet på FV48. Implenia Norge har gjort jobben.