Linda Andersen og dottera Hanne var på plass i Tønsberg og kunne sjå at Er-An Veikro blei kåra til «Årets ASKO-kunde»
Linda Andersen og dottera Hanne var på plass i Tønsberg og kunne sjå at Er-An Veikro blei kåra til «Årets ASKO-kunde»

Er-An blei årets kunde

Blant 12.000 kundar landet over, har stor- grossisten ASKO blinka ut Er-An veikro som Årets kunde i 2016.

Under kunde- og leverandørtreffet i Tønsberg i dag, var tre finalistar av totalt 12.000 ASKO-kundar tilstades med håp om å bli årets kunde. Der blei det klart at Er-An veikro stakk av med den ærefulle tittelen.

På førehand av kåringa sa ASKO-representant Ove Haukeland dette om kvifor Er-An veikro var blant finalistane:

Artikkelen held fram under annonsen.

- For det første har vegkroa hatt ei fantastisk utvikling dei siste åra. Dei har utvikla eit spennande og populært konsept som passar for mange ulike grupper, både når det gjeld alder og interesse, seier han - og nemner i farten arrangement som Drive-in-kino, Am Car-treff, musikk og litteraturkveldar m.m.

- Den andre viktige biten me har lagt vekt på er Linda som person. Ho har mange gode idear, og ein stå-på-vilje utanom det vanlege. Ho er svært nyskapande, og har ei eiga evne til å få ting til å skje.

ASKO-representanten nemner også Linda sin lojalitet mot avtalar ho har med leverandørar og innkjøpskjeden.

ASKO er Noregs største grossist og leverer daglegvarer både til NorgesGruppen og til storhushaldnings- og serveringsstader rundt om i landet.