Jarle Berentzen reknar med at det blir hektiske arbeidsdagar om finvêret snart blir verande.
Jarle Berentzen reknar med at det blir hektiske arbeidsdagar om finvêret snart blir verande.

Essoen samlar folk i sola

Sjølv i ein regnfull sommar, er det mange turistar som kjem innom Essoen på kaien. På gode dagar er det 2000 innom.

Onsdag titta sola fram etter ein ellers laber juli-månad. Då var det mange å sjå ved Esso-stasjonen på kaien.

- I dag (onsdag) er ein av dei betre dagane. Det hjelper på med slikt sommarvêr, seier dagleg leier for Esso-stasjonen Camilla Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

2000 om dagen

Regn og låge temperaturar har gjort sommarkjensla dårleg i Os, men det har vore bra med folk på påfyllsstasjonen ved gjestebrygga uansett.

- Med tanke på det dårlege vêret, har vi hatt fleire innom enn venta. Det kjem fleire med båt sjølv om det regner, fortel Haugland.

Det er likevel ikkje til å stikka under ein stol at det kjem flest på solvêrsdagar.

- Vi har faktisk så mange sin 2.000 innom på gode dagar, informerer den daglege leiaren.

Soft-is og kaffi

I det Os og Fusaposten kjem gåande langs kaia, sit det i alle fall femti stykk og kosar seg i solsteiken. Dei fleste med ein is i handa.

- Det går mykje soft-is og kaffi. I tillegg vil dei som kjem langvegs frå også ha litt mat, fortel Haugland.

Nokre av båtturistane som vitjar kaien har lagt bak seg fleire timar på sjøen.

- Det er ein del som kjem langveisfrå. Vi hadde nettopp nokon som kom ifrå Sandnes, fortel Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Travlare tider

Med godvêret på veg kan det bli ei travel tid for dei tilsette på Esso-stasjonen.

- Det har ikkje vore så travelt den siste tida, men frå mai av til eit stykke ut i juni,var ein spesielt hektisk periode, seier Jarle Berentzen, ein av dei tilsette.

- Vi håpar at folk tar turen innom no som sommaren slår til for fullt. Både dei lokale og dei som kjem reisande i båt, avsluttar Haugland.